Produsentar må betale for opprydding av plastforsøpling

Produsentar av enkelte eingongsprodukt av plast må ta ansvar for produkta sine som avfall. Målet er mindre forsøpling og spreiing av mikroplast.

Publisert 27.06.2023

– Vi anbefaler no ei forskrift som skal førebyggje og redusere miljøpåverknaden og spreiinga av plast frå utvalde eingongsprodukt. Eingongsplastprodukt som emballasje til mat og drikke som nytast på farten, og sigarettsneipar, er store kjelder til forsøpling i Noreg og utgjer ein stor del av avfallet i offentlege avfallsbehaldarar. Det er difor rimeleg at produsentane skal dekkje kostnader knytt til handtering av slikt avfall, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet tilrår Miljødirektoratet no ei forskrift med krav til utvida produsentansvar for utvalde eingongsprodukt av plast:

  1. emballasje og nokre produkt som ikkje er emballasje (matbehaldarar for hurtigmat, ta med-mat eller «takeaway» inkludert lok, fleksibel innpakning for hurtigmat, drikkevarebehaldarar under 3 liter, drikkebeger inkludert lok og plastbereposar) 
  2. våtserviettar og ballongar 
  3. tobakksprodukt med filter og filter til bruk saman med tobakksprodukt 

Felles for desse eingongsprodukta av plast er at dei er hyppig funne som forsøpling på europeiske strender.

Skal dekkje kostnader som kommunane har

Produsentansvaret skal oppfylle krav til utvida produsentansvar i EUs direktiv om plastprodukt og EUs rammedirektiv om avfall.

– Dette er ei ny produsentansvarsordning der produsentane skal dekkje kostnader kommunane har til opprydding av forsøpling og innsamling når dei blir kasta i avfallsbehaldarar i offentlege rom, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Det er ikkje sett mål om auka ambisjonsnivå for oppryddinga i kommunane. Forslaget inneber at kostnader som kommunane i dag har over kommunebudsjettet, blir flytta til produsentane av desse produkta.

Pliktane til produsentane skal varetakast av produsentansvarsselskap

Miljødirektoratet tilrår at produsentane får plikt til å etablere og knyte seg til produsentansvarsselskap som blir godkjende av Miljødirektoratet. Desse selskapa vil vareta pliktane til produsentane, og vil mellom anna krevje inn vederlag frå produsentar og utbetale støtte til kommunane for å rydde opp og samle inn avfall i det offentlege rommet. Storleiken på støtta skal reknast ut av ein uavhengig konsulent, og verifiserast av ein tredjepart.

For fyrste gong foreslår Miljødirektoratet straffegebyr for ei produsentansvarsordning. Dette er eit preventivt verkemiddel for å auke det økonomiske incentivet til produsentane til å melde seg inn i produsentansvarsselskap og ikkje la andre produsentar ta byrda for dei.

Produsentane kan redusere kostnadene ved å bruke mindre plast og setje opp oskebeger

Tobakksprodusentane kan redusere kostnadene for opprydding av forsøpling ved å samarbeide med kommunar om å setje opp oskebeger på stader med mykje forsøpling av sneipar.

Kravet om kostnadsdekning kan gjere det lønsamt for produsentane å dreie produktporteføljen vekk frå produkta som blir omfatta av produsentansvaret, og over til produkt utan plast eller ombrukprodukt. Ombrukprodukt kan til dømes vere aktuelt for kaffi eller ta med-mat. Innovasjon og utskifting av plast med alternative materiale kan til dømes vere aktuelt for tobakksfilter eller matbehaldar.

Informasjon til forbrukarar kan redusere forsøpling

– Produsentane skal også dekkje kostnader for haldningsskapande tiltak retta mot å førebyggje og redusere forsøpling, og for å vise ombrukalternativ. Det er ikkje alle som tenkjer at sigarettsneipar spreier mikroplast i sjøen når dei blir kasta på bakken. Våtserviettar som blir kasta i toalettet hamnar i avløpssystem og kan skape driftsproblem, og dei kan ende opp med å forureine havet, seier Ellen Hambro.

Vil vurdere forslaget

Miljødirektoratet foreslår å regulere dette nye produsentansvaret i nytt kapittel 18 i avfallsforskrifta. Klima- og miljødepartementet vil no vurdere forslaget til Miljødirektoratet. Forslaget vil sendast på høyring etter det.

Miljødirektoratet foreslår at dette blir gjort så fort som mogleg, både av omsyn til EØS-forpliktingane våre og for at produsentane kan førebu seg på dei nye krava som dei vil bli pålagde.   

Revidert forslag 17. januar 2024

Endringane i forslaget følgjer av dialog med helsemynda og pågåande arbeid med gebyrendringar for produsentansvarsordningane i Noreg.