Reinheimen sitt nye besøkssenter til Åndalsnes

Miljødirektoratet har vald å autorisere Norsk Tindesenter på Åndalsnes som besøkssenter for Reinheimen nasjonalpark.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 01.06.2023

– Åndalsnes er eit attraktivt område for turinteresserte, og Norsk Tindesenter er svært godt eigna som besøkssenter for å ta imot besøkjande til og frå vestsida av Reinheimen nasjonalpark, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Populært turområde

Senteret vil med det etablerte og attraktive bygget sitt og uteområde bli eit viktig informasjonspunkt, som vil ha mykje å seie for varetaking av naturverdiane i nasjonalparken og randsonene. Dette gjeld særleg villreinen i Reinheimen og i området ved Trollstigen som er ramma av ferdsel og forstyrringar.

– Norsk Tindesenter er eit populært utgangspunkt for turar i Reinheimen og randsona, og det er viktig for nasjonalparkforvaltinga å nå desse besøkjande med informasjon før dei bevegar seg inn i eit sårbart område, påpeikar Hambro.

I statsbudsjettet for 2023 gav regjeringa 1 500 000 kr kvar til å etablere to besøkssenter - eitt på vestsida av Jotunheimen og eitt på vestsida av Reinheimen. Norsk Tindesenter blir det 40. autoriserte besøkssenteret i Noreg, etter at Fortun Bygdalag vart autorisert som besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark torsdag 25. mai.

Berekraftig friluftsliv

Eit besøkssenter nasjonalpark skal formidle informasjon om naturverdiane og stimulere til berekraftig bruk av nasjonalpark, annan natur og til friluftsliv. Fokuset i formidlinga ved Norsk Tindesenter vil vere eit viktig verktøy for forvaltinga av Reinheimen nasjonalpark og varetaking av verneverdiane i Reinheimen.

Senteret har eit godt samarbeid med kommunen, verneområdeforvaltinga og lokale aktørar.

– Gjennom etableringa av besøkssenter nasjonalpark vil Norsk Tindesenter leggje endå større vekt på å skape eit miljø som aktivt samarbeider for at friluftsliv blir gjennomført på ein berekraftig måte, som varetek naturen og villreinen i nasjonalparken og randsonene omkring, seier Hambro.

Les meir om besøkssentera i Noreg:

Naturleg møtestad

Besøkssenteret skal etablerast i lokala til Norsk Tindesenter, og senteret vil bli synleggjort gjennom skilting, utstilling og utandørs informasjonspunkt med informasjon om nasjonalparken.

Norsk Tindesenter blir brukt mykje av lokalbefolkninga, og gjennom ulike tilbod som arrangement, servering og klatrehall er dei ein naturleg møtestad for mange.

Senteret vil også tilsetje naturrettleiar, utvikle digitale kurs og tilpasse eksisterande nettsider til besøkssenter nasjonalpark og merkevara Noregs nasjonalparkar.

Les meir om Reinheimen nasjonalpark: