Overvaking av insekt: Har truleg funne 20.000 artar

Overvaking av insekt gir oss stadig betre informasjon om førekomst og tilstand for insekta i Noreg. I år blir overvakinga utvida til Nord-Noreg.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 05.05.2023

Les denne saken på bokmål her.

I ein tidlegare versjon av saka gjekk det fram av tittel og tekst at Nina estimerte at det samla talet insektartar i Noreg var 20.000. Dette er feil. 20.000 er talet på insektartar Nina estimerer at dei har funne i insektovervakinga til no.

– Insekt er heilt avgjerande for krinsløpet til naturen, og om bestandane blir reduserte kan det få konsekvensar for funksjonane til økosystema og gå ut over mattryggleik og livskvaliteten og helsa vår. Derfor er det viktig med god kunnskap om utviklinga for insekta. Kunnskap som blir produsert gjennom kartlegging og overvaking av natur er eit sentralt verkemiddel for å nå måla verda har sett seg i Naturavtalen, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Norsk institutt for naturforsking har no levert rapport frå overvakinga av insekt som vart gjennomført i 2022. Overvakingsprogrammet vart starta opp i 2020 etter fleire urovekkjande rapportar om nedgang i insektbestandar i fleire delar av verda.

Resultata i år viser nedgang i talet på insekt, men dette er ifølgje forskarane truleg på grunn av dårlege vêrforhold for insekta dette året.

– Det er for tidleg å seie noko om utviklinga for insekta våre på bakgrunn av 3 sesongar med overvaking. Vi får likevel mykje ny kunnskap om kva insekt vi finn i norsk natur, seier Hambro.

Sjå rapporten:

Ny teknologi påviser nye artar

Med teknologien DNA-metastrekkoding kan forskarane raskt lese av og matche DNA frå innsamla materiale med ein database over kjende DNA-kodar, og slik finne rett art.

Overvakinga av insekt estimerer i siste rapport at dei har funne omtrent 20.000 insektartar i Noreg. Til samanlikning er det ca. 19.500 påviste insektartar i Noreg frå tidlegare. Artsdatabanken estimerte i 2020 at det finst 24783 insektartar i Noreg.

– Ny teknologi som DNA-strekkoding gir oss heilt nye høve til å skaffe kunnskap om naturen rundt oss, og vi tek stadig i bruk denne metoden på nye område. Vi kan no skaffe data vi berre kunne drøyme om tidlegare, og med mykje mindre ressursbruk, seier Hambro.

Forskarane vurderer at dei fleste av dei nye artane som er funne er artar som høyrer naturleg heime i norsk natur, men som ikkje har vorte påvist tidlegare. Fleire av desse er artar som tidlegare er funne i naboland.

Nokre av artane er også framande artar som ikkje er naturleg heimehøyrande i norsk natur. Forskarane har utvikla ein solid metode for systematisk skilje mellom framande artar og dei som er stadeigne norske artar.

Utvidar insektovervakinga i 2023

Etter fleire urovekkjande internasjonale studium sette Miljødirektoratet i 2020 i gang ei årleg overvaking av insekt som følgjer utvikling og søkjer å forklare kvifor endringar skjer. I 2022 har denne dekt kulturlandskap på Austlandet, Sørlandet og Trøndelag, og for Austlandet også skog.

Totalt har 90 lokalitetar vorte undersøkte så langt. Miljødirektoratet vil frå 2023 utvide overvakinga til å også dekkje Nord-Noreg.

Utvidinga gjer det mogleg å bruke dataa når vi skal vurdere den samla tilstanden for økosystema i Noreg. I tillegg kan vi følgje verknadene av dei pågåande klimaendringane frå sør til nord i landet.

– Vi veit jo at klimaendringane påverkar naturen, men kva for nokre konkrete konsekvensar dette får og korleis andre påverknadsfaktorar speler inn, er ikkje alltid like lett å få auge på eller føreseie. Vi treng derfor å overvake naturen vår, seier Hambro.

Hovudfunn frå rapporten:

  • Overvakinga har funne eit estimert artstal på ca. 20.000 insektartar.
  • Flest artar er så langt funne på Austlandet. Der er det funne litt fleire artar i delar av kulturlandskapet (såkalla semi-naturleg mark ) enn i skog. Deretter følgjer kulturlandskap i Trøndelag og kulturlandskap på Sørlandet.
  • Overvakinga har funne meir enn hundre- og femti raudlista artar og det er funne raudlista artar i nesten alle lokalitetar 
  • Mengda artar og biomasse av insekt for 2022 er noko lågare enn tidlegare år.