Klimatilpassing: 16 prosjekt får støtte

Miljødirektoratet deler ut 6,4 millionar kroner til kommunar og fylkeskommunar som vil auke kunnskapen om klimatilpassing.

Publisert 11.05.2023

– Klimaendringar blir stadig meir omfattande. Søknadene vi har fått i år, speglar dette. Vi treng kunnskap om kva konsekvensar klimaendringar har lokalt på veldig mange ulike område og korleis vi kan handtere det. Her kan vi lære av kvarandre, og vi er glade for å bidra til at gode prosjekt kan setjast i gang, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I år har Miljødirektoratet mottatt 46 søknader for til saman 21,1 millionar kroner.  

Formålet med tilskotsordninga er å heve kunnskapen og kompetansen om korleis klimaendringar har følgjer for ansvarsområda frå kommunen og fylkeskommunen og/eller kva tiltak dei må setje i verk for å møte klimaendringane.

Det er niande år på rad Miljødirektoratet deler ut slike tilskot. 

Klimatilpassing i ni fylke 

Kommunar og fylkeskommunar frå ni fylke har søkt om støtte til auka kunnskap om klimatilpassing. Tilskotsmidlane i år blir fordelte mellom små og store kommunar i heile landet, i tillegg til to fylkeskommunar. Nokre kommunar samarbeider på tvers av kommunegrenser fordi dei har dei same utfordringane.

Meir kunnskap om ansvarsrisiko i planlegging og kostnadar frå flaumutsette fylkesvegar

Fleire kommunar og fylkeskommunar ser på nye problemstillingar. Blant dei er Trondheim kommune som skal kartleggje kunnskap om ansvarsrisiko i kommunal og regional planlegging, og Vestland fylkeskommune som skal kartleggje kostnadar knytt til sikringsbehov for flaumutsette fylkesvegar.

Fleire av dei innvilga søknadene handlar om regionale samarbeid for styrkt klimatilpassing, blant anna i Viken fylke.

Miljødirektoratet gjev òg støtte til fleire søknader som omhandlar flaum, overvatn og naturbaserte løysingar. Til dømes skal Kåfjord kommune byggje kompetanse om handerting av flaum og overvatn, samt førebygging av skadar frå desse.

Oslo kommune skal sjå på moglegheitene med å etablere grøne tak på eksisterande bygningar.

Relevante lenkjer