Luftkvalitet 2022: Kommunar hadde for mye svevestøv

Fem kommunar braut grenseverdiane for svevestøv i fjor. Aukande vegtrafikk er ein av fleire grunnar til at arbeidet mot luftforureining må halde fram.

Publisert 25.05.2023

I 2022 senka regjeringa grensene for kor mykje svevestøv (partiklar, PM) som er tillate i utandørslufta – dei såkalla grenseverdiane.

Årsaka til skjerpinga var ei utgreiing som viste at dei samfunnsmessige gevinstane frå mindre luftforureining er langt høgare enn kostnadene av tiltak. Eksponering for svevestøv er mellom anna ei av dei viktigaste miljøårsaka til for tidleg død.

Måledata frå i fjor viser at fem kommunar braut dei nye grensene for fint og grovt svevestøv (PM10). Det gjaldt kommunane Ringsaker, Bærum, Drammen, Lørenskog og Oslo.

– Fleire kommunar, også dei med brot, gjer ein solid innsats for å sikre god luftkvalitet. Med strengare grenseverdiar må likevel ein del kommunar auke innsatsen ytterlegare for å ikkje bryte dei lovfesta grensene. Aukande vegtrafikk er ei av utfordringane som speler inn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektøren poengterer vidare:

– Det er viktig å fortsetje det gode arbeidet med å betre luftkvaliteten, fordi helsegevinstane er mykje større enn kostnadane.

Fleire årsaker til brot

Grenseverdiane er lovpålagde minimumskrav til kvaliteten på utandørslufta, og formålet er å verne helsa til innbyggjarane.

Kommunane er forureiningsmyndigheit. Dei er altså ansvarlege for å sørgje for at luftkvaliteten i kommunen deira er god.

Ikkje overraskande blir det fleire brot når grenseverdiane blir strengare. Likevel ville Oslo, Drammen og Lørenskog brote også dei gamle grenseverdiane som gjaldt før dei vart skjerpa inn.

2022 starta med lite nedbør og tørre vegar, noko som gjorde at vegstøvet lettare vart kvervla opp. Vegstøv kjem typisk frå slitasje av veg, spesielt på grunn av bruk av piggdekk. Strøing av veg og støving frå byggjeplassar kan også bidra til høge nivå av svevestøv.

Jobbar med å sikre trygg luft

Alle kommunane som hadde brot, har plikt til å utarbeide ei tiltaksutgreiing, som inkluderer ein handlingsplan. Tiltaksutgreiing betyr at kommunane skal avgjere om, og kva, kommunen og andre ansvarlege skal gjere for å halde nivåa under grenseverdiane.

Alle kommunane med brot har anten laga ei tiltaksutgreiing frå før, eller jobbar med å lage ein nå.

Piggdekkgebyr, miljøfartsgrense og reinhald av vegar er døme på tiltak som gjerast for å betre luftkvaliteten.

Vegtrafikk bidreg til luftforureining

Vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale utsleppskjeldene til luftforureining i Noreg. Generelt er det utslepp av svevestøv og nitrogendioksid (NO2) som utgjer dei største utfordringane her til lands. 

Fint svevestøv, PM2,5, kjem som regel frå vedfyring for oppvarming av private heimar.

Brotet i fjor gjaldt likevel for fint og grovt svevestøv (PM10). Brot på grenseverdien for PM10 kjem ofte av høge nivå av støv frå trafikken – vegstøv.

Medan utsleppa av NO2 og svevestøv frå eksos har gått ned sidan rundt 2008, har mengda svevestøv frå slitasje på veg, dekk og bremser halde seg stabil.

Fleire og fleire bilar slepp ut mindre svevestøv frå diesel og bensin enn før. I tillegg får vi fleire el-bilar på vegane som ikkje slepp ut eksos i det heile. Dette bidreg positivt til nivåa av svevestøv.

Men alle bilar – også el-bilar – bidreg til svevestøv. Så lenge vi bruker bilar, vil vi altså framleis ha svevestøv på grunn av slitasje av asfalt, bremsar og dekk.

Innsats mot luftforureining er like viktig som før

Vegtrafikken i Noreg er forventa å auke. Vegstøv, som er ei hovudkjelde til PM10, vil difor halde fram med å utgjere ei utfordring for trygg, lokal luftkvalitet i åra som kjem.

Kommunane, men også fylke og stat, må jobbe for å redusere nivåa. Det finst fleire døme på slikt arbeid, mellom anna byvekstavtalane i større byområde i Noreg.

Fleire kommunar i Noreg har tiltak ogmålsetjing om å handtere dette. Til dømes har kommunane i Lørenskog, Bærum, Oslo og Drammen sett nullvekstmål for persontransport med bil.

– Tiltak for å redusere vegtrafikken i sin heilskap, til dømes gjennom auka bruk av kollektivtransport, sykkel og gange, vil vere viktige grep for å handtere luftforureininga i åra som kjem, seier miljødirektør Ellen Hambro.