Tilrår nasjonalpark i Østmarka

Miljødirektoratet foreslår å verne det mest verdifulle naturområdet i Østmarka som nasjonalpark, og verne eit areal for friluftsliv og aktivitet.

Publisert 02.05.2023

– Ein nasjonalpark i Østmarka blir den første bynære nasjonalparken – like ved hovudstaden. Det er ingen tvil om at Østmarka har mange viktige naturverdiar, men området er også prega av ein del menneskelege inngrep. I forslaget vårt er vegar, kraftlinjer og fleire hytteeigedommar i hovudsak lagt utanfor nasjonalparken, mens dei områda som blir foreslåtte verna som nasjonalpark er lite påverka av inngrep, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har no levert tilrådinga si om Østmarka nasjonalpark og Østmarka friluftslivsområde til Klima- og miljødepartementet (KLD) for vidare behandling.

Prioriterer friluftsliv

Miljødirektoratet tilrår å verne eit samanhengande område på 71 km2, der Østmarka nasjonalpark utgjer 40 km2 og Østmarka friluftsområde med vern etter markaloven utgjer 31 km2. Det foreslåtte arealet til nasjonalpark ligg innanfor kommunegrensene til Oslo, Nordre Follo, Lørenskog, Rælingen og Enebakk. Østmarka friluftsområde ligg i Oslo, Nordre Follo og Enebakk kommunar.

Sjå kart over foreslåtte område nederst i saken.

Østmarka er i dag eit populært område for friluftsliv og aktivitetar. I Miljødirektoratets tilråding blir derfor områda nærast dei viktigaste utfartsstadene til markaforeslått verna etter markalovens friluftsvern.

– Vern etter markaloven vernar naturen mot nedbygging og hogst på tilsvarande måte som ein nasjonalpark, men opnar i større grad for tilrettelegging for friluftslivet og ulike inngrep enn det vern etter naturmangfaldslova gjer, forklarer Hambro.

Viktige naturområde med sjeldne artar

Den foreslåtte nasjonalparken dekkjer manglar i dagens naturvern ved å verne eit stort naturområde med skog i lågtliggjande strøk i sørlege delar av landet.

Skogen i Østmarka gir gode leveområde for store rovdyr, og er ein av få stader i landet ein finn store rovdyr tett innpå ein by. Ulv har vore etablert i området sidan 2012 og gaupe er også observert i marka.

I Østmarka finn du mykje skog med høgare alder enn i nokre andre delar av Oslomarka. Dette kjem blant anna av Østmarkas kuperte og ulendte terreng, som har bidrege til å vareta ein del gammalskog, då det har vore vanskeleg å gjennomføre hogst.

Den gamle skogen gir gode forhold for eit rikt dyreliv, og her finn vi blant anna artar som bivrar, hubro, tiur og ulike hakkespetter i relativt bynære område.