8,8 millionar til mykje besøkte naturområde

17 norske turmål får støtte frå tilskotsordninga Nasjonale turiststiar, for å vareta kultur- og opplevingskvalitetar, tryggleik og natur.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 10.03.2023

Les saken på bokmål her.

– Fleire av stiane i Noreg som har mange besøkjande og stor attraksjonsverdi, har utfordringar med slitasje på stien, søppelhandtering, sanitærforhold, tryggleik eller behov for informasjonstiltak. I år går 8,8 millionar til å løyse desse utfordringane, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Formålet med tilskotsordninga Nasjonale turiststiar er å vareta den gode naturopplevinga, allemannsretten, natur- og kulturkvalitetane og tryggleiken ved nokon av våre mest besøkte naturområde.

– Det at så mange vil ut i naturen, stiller ekstra krav til tilrettelegging og informasjon på dei mest populære stiane. Vi må redusere slitasje og forsøpling, og bidra til auka tryggleik. Med ordninga Nasjonale turiststiar sørgjer vi for at mange kan besøkje norsk natur utan at det går ut over naturen eller tryggleiken, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide. 

Gir støtte til 17 turmål

Desse prosjekta får støtte i 2023:

  • Besseggen, Vågå, Innlandet: kr. 60 000
  • Djeveltrappa, Vågan, Nordland: kr. 1 000 000
  • Svartisleden, Meløy, Nordland: kr. 361 000
  • Festvågtind, Vågan, Nordland: kr. 150 000
  • Fosseråsa, Stranda, Møre og Romsdal: kr. 860 000
  • Gaustatoppen, Tinn og Hjartdal, Vestfold og Telemark: kr. 1 000 000
  • Hesten, Senja, Troms og Finnmark: kr. 180 000
  • Kjerag, Sandnes, Rogaland: kr. 105 000
  • Knivskjellodden, Nordkapp, Troms og Finnmark: kr. 290 000
  • Nigardsbreen, Luster, Vestland: kr. 164 000
  • Preikestolen, Strand, Rogaland: kr. 1 125 000
  • Reinebringen, Moskenes, Nordland: kr. 360 000
  • Romsdalseggen, Rauma, Møre og Romsdal: kr. 350 000
  • Sanna, Træna, Nordland: kr. 195 000
  • Segla, Senja, Troms og Finnmark: kr. 750 000
  • Trolltunga, Ullensvang, Vestland: kr. 1 800 000
  • Viewpoint Snøhetta, Dovre, Innlandet: kr. 60 000

Dei autoriserte nasjonale turiststiane er utheva.

– I behandling av søknadene har vi lagt vekt på at tiltaka skal bidra til å ta vare på den gode naturopplevinga, tryggleik og natur- og kulturminne på turmål med sterk attraksjonskraft og svært høge besøkstal. Enkelte prosjekt har fått midlar for å kunne sluttføre arbeid som er påbyrja tidlegare, seier Hambro.

Det er sentralt i ordninga at det ikkje skal leggjast til rette for meir utbygging eller tilrettelegging enn det som er nødvendig for å vareta dei ulike kvalitetane til naturområdet.

Viktig med god besøksforvaltning

Det trengst langsiktig planlegging og god lokal forankring for å handtere mange besøkjande utan at natur- og opplevingskvalitetane ringast.

For å sikre samarbeid og gode løysingar, kan aktørar søkje om tilskot til arbeid med besøksforvaltning gjennom tilskotsordninga Nasjonale turiststiar. Dette er aktørar som destinasjonsselskap, kommunar, fylkeskommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftingar, frivillige organisasjonar, nasjonalpark- og verneområdestyrar og regionsråd.

– Det er positivt at stadig fleire søkjar om støtte til arbeid med besøksforvalting, slik at vi sikrar langsiktige og heilskaplege vurderingar som grunnlag for tiltaka. Med ordninga Nasjonale turiststiar blir stadig fleire stiar godt rusta til å ta imot svært mange besøkjande, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Sjå rettleiar:

Stikulen gir råd om korleis du skal ta vare på den stien du har, eller korleis planleggje og gjennomføre eit stiprosjekt. Her finn du ulike tilretteleggingsmetodar tilpassa terreng og talet på brukarar.