FNs klimapanel: Vi har det vi treng for å handle

Klimaendringane så langt er berre byrjinga. Vala vi tar no vil setje spor i fleire årtusen framover.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 20.03.2023

– Klimakrisa har vore varsla lenge og har kome snikande. No ser vi klimaendringar gå føre seg over heile kloden, og dei har kome raskare enn det vi tidlegare har gått ut frå. Samtidig veit vi at dei vil auke framover og bli verre å handtere. Dette er realitetane vi er nøydde til å ta omsyn til, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Måndag 20. mars lanserte FNs klimapanel (IPCC) synteserapporten sin som samanfattar alle rapportane dei har gitt ut sidan 2018.  

Tre gap må lukkast

Det er tre gap mellom kvar vi er og kvar vi bør vere for å oppfylle Parisavtalen.

  1. Klimamåla til landa i verda er enno ikkje ambisiøse nok. Parismålet seier at global oppvarming skal avgrensast til godt under 2 grader, helst ned mot 1,5. Med dagens politikk er vi på veg mot over 3 grader. I tillegg til for svake mål, ligg dei fleste land dårleg an til å nå klimamåla dei har sett seg. Klimaomstillinga går for sakte.
  2. Det er eit gap mellom kor godt vi er tilpassa klimaendringane i dag, og kor godt vi bør ruste oss for å tole dagens og framtidige endringar.
  3. Det blir investert mykje mindre i klimaløysingar enn det som trengst for å tilpasse oss klimaendringane og kutte nok utslepp.

– Dei tre gapa fortel oss at vi ikkje kuttar utslepp raskt nok, ikkje er godt nok tilpassa og ikkje investerer nok i løysingane. Tempo og ambisjonar må opp over heile verda. Det hastar. Tid er utslepp, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Vi har det vi treng for å handle

Klimapanelet listar opp ei rekkje klimatiltak som skal til for å lukke dei tre gapa. Mange av dei er både effektive, billige og realiserbare på kort sikt. Samtidig er det viktig at klimatiltaka ikkje øydelegg for andre viktige omsyn, som naturmangfald og matproduksjon.

– Vi kan ikkje lenger velje og vrake i ulike tiltak. Vi må gjere stort sett alt. Om 30 år kan så godt som ingenting i samfunnet sleppe ut klimagassar. Det kan bli eit veldig bra samfunn å leve i, men for å kome dit må vi både tenkje langsiktig og handle her og no, seier Hambro.

Alle val tel

Rapporten frå Klimapanelet viser at vi vil stå overfor mange vegval framover. Samtidig illustrerer den dei "tapte moglegheitene" tilbake i tid, altså dei vala som har ført oss hit vi er i dag - med ei global oppvarming på cirka 1,1 grad og framleis aukande utslepp.  

– Vala vi tar og handlingane vi gjer, eller ikkje gjer, vil ha innverknad tusenvis av år fram i tid. Alle oppvarmingar tel, alle utslepp tel og alle vegval tel. Det er ikkje no eller aldri. Det er heile tida, seier Ellen Hambro.

Utsleppskaka er snart ete opp

Dersom CO2-utsleppa som vil føre til 1,5 grader oppvarming var ei kake i 20 stykke, har vi ete, eller altså sleppt ut, cirka 17 kakestykke allereie. Av kaka som allereie er ete opp, har rike industriland forsynt seg med mange fleire kakestykke enn låginntektsland.

Nord-Amerika og Europa har til saman ete seks og eit halvt stykke så langt, medan til dømes Afrika berre har forsynt seg med eitt.

– Klimakrisa er djupt urettferdig der dei fattigaste endå ein gong kjem verst ut. Noverande og planlagd fossil infrastruktur i verda vil sleppe ut meir enn det atmosfæren har plass til før temperaturen overstig 1,5 grader. Det betyr at mange aktørar allereie har planlagt å ete dei tre siste kakestykka, utan å dele med andre. Om ikkje lenge er heile kaka borte. Då må vi planleggje for ein heftig slankekur der vi sug CO2 ut av atmosfæren igjen. Det er også urettferdig mot framtidige generasjonar, seier Ellen Hambro.

Vi må forvente alvorlege klimaendringar, også på kort sikt

Verda passerer mest sannsynleg 1,5 grader før 2040, og funn frå FNs klimapanel tyder på at det kan skje allereie mellom 2030 og 2035. Ved ein slik temperaturauke risikerer vi til dømes å miste dei fleste tropiske korallrev. Ein firedel av livet i havet treng desse korallreva. Forsvinn korallreva, forsvinn også matfatet til ein stor del av verda.

2 grader global oppvarming høyrest kanskje ikkje mykje ut, men i eit slikt klima kan det bli uleveleg varmt i delar av verda, og skogbrannar kan øydeleggje store område.

Sjølv ved moderat oppvarming kan det skje irreversible endringar i klimasystemet. Artar kan bli utrydda, og havnivået vil stige betrakteleg viss isen på Grønland og i Antarktis byrjar ustoppelege smelteprosessar.

– Her i Noreg blir det varmare, spesielt i nord. Vinterlandet mistar snø og vinterdagar, og i staden får vi meir regn og flaumar. Vi er også eit lite land og sårbare i ei verd som blir ramma av klimaendringar. Endringar i klima i andre land kan påverke oss gjennom mellom anna store flyktningstraumar, meir behov for nødhjelp og høgare prisar på til dømes mat, seier miljødirektør Ellen Hambro.