Måsar som bråkar? Dette kan du gjere

Om du har hatt problem med måsar tidlegare, må førebyggjande tiltak gjerast no. Etter hekkinga har starta, er det for seint.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 21.03.2023

– Våren og sommaren er ei sårbar tid for dei truga måsane over heile landet, og det er viktig at måsane får høve til å hekke i fred i denne perioden. Vi må lære oss å leve med naturen tett på, også i byane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet

Måsar vender oftast tilbake til same hekkeplass over fleire år. Hadde du problem med måsar i fjor, kan du gjere førebyggjande tiltak for å få dei til å finne ein annan stad no. Dette må gjerast i god tid, fordi når reirbygginga er i gong, skal måsane få hekke i fred, og då er det forbode å fjerne eller forstyrre reir.

På Miljødirektoratets nettside kan du lese meir om dei vanlegaste utfordringane og kva du kan gjere for å førebyggje problem med måse:

Truga måsar trekkjer inn til byane

Alle dei fire urbane måseartane, hettemåse, krykkje, fiskemåse og gråmåse er raudlista.

– I byane spesielt kan det verke som at det er mykje måsar om våren, men måsebestanden har faktisk hatt ein stor tilbakegong over fleire år. Matmangel og hekkeområde som forsvinn på grunn av arealendringar, gjer det vanskelegare for måsane å få fram ungar, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Grunnen til at måsane trekkjer inn til byane for å hekke, no meir enn før, er at måsane har lært seg at det er enklare å overleve i byen. Her er det enklare å finne mat og å unngå rovdyr.

Måsane er mest aggressive medan dei har ungar i og utanfor reiret. Ofte ser vi at jaging og skremming forlengjer hekketida. Derfor er det best å unngå å forstyrre dei i denne korte perioden.