Ulovleg skuterferdsel forstyrrer sårbar natur

Våren er den mest sårbare tida for ville dyr og fuglar. SNO oppmodar alle som køyrer snøskuter til å setje seg inn i reglar for motorferdsel i utmark.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 31.03.2023

- Mange trur at snøskuterkøyring ikkje gjer skade på naturen ettersom spora smeltar bort med snøen. Problemet er at skuterar gjer det enklare for menneske å kome lenger inn i urørte naturområde. Dette fører til at det blir færre stadar for vilt å leve uforstyrra, seier Morten Kjørstad, direktør i Statens naturoppsyn (SNO) 

Det er altså ikkje dei fysiske skadane på naturen som bekymrar mest. Sjølv om ein enkelt skuterførar ikkje skaper store forstyrringar, må vi sjå på summen av all skuterferdsel til saman, både lovleg og ulovleg. 

Forsking har vist at mange dyreartar vert påverka negativt av motorisert ferdsel om våren, ikkje minst rein og fjellrev. 

Våren er yngletid for ville dyr, og dette er den mest sårbare tida for mange artar. Unødvendige forstyrringar i yngletida stressar dyra, får dei til å bruke meir energi enn nødvendig og gjev dei dårlegare kondisjon. Derfor kan forstyrringar utgjere ei stor miljøbelastning på fugle- og dyreliv.  

Ein av fem kontrollar fører til melding 

-Vi har gjennomført litt over 300 kontrollar av motorferdsel i utmark så langt i år. Kvar fjerde til femte kontroll har ført til melding av ulovleg køyring, seier Kjørstad.  

Så langt i 2023 har SNO meldt ca. 70 snøskuterkøyrarar for ulovleg køyring i utmark, omtrent det same talet som på same tid i fjor. 

Les meir om korleis Miljødirektoratet reagerer på miljøkriminalitet og sjå statistikk:

Sett deg inn i regelverket 

Hovudregelen i motorferdselslova er at motorferdsel i utmark er forbode. Dette gjeld med mindre køyringa blir omfatta av unntaka i lova eller at det er gitt spesielle løyve. Unntaka er som regel knytt til nyttekøyring, men kommunen kan også fastsetje løyper for fornøyelsekøyring. 

All motorferdsel i utmark og vassdrag skal gå føre seg aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.  

Denne rettleiaren beskriv kva som er lov og ikkje lov ved motorferdsel i utmark og vassdrag – og når du kan søkje om dispensasjon frå regelverket:  

Sjå nyheiter frå skuteroppsynet Twitter 

For å få siste oppdateringar om ulovleg køyring, meldingar og andre resultat frå kontroll med motorferdsel, kan du søkje på #skuterkontroll på Twitter. For å få siste nytt frå der du bur kan du i tillegg søkje på emneknaggen til fylket ditt, til dømes #skuteroppsyn #Nordland. 

Følg Miljødirektoratet på Twitter: