37 prosent av kontrollerte produkt var ulovleg å selje

412 varer frå ulike nettbutikkar vart kontrollerte for å sjå om salet gjekk føre seg i tråd med regelverket for kjemikaliar.

Publisert 06.11.2023 | Oppdatert 06.11.2023

Dei kontrollerte varene inkluderte fritidsprodukt, smykkar, interiør, leikar og elektroniske produkt. 

– Forbrukarar som handlar frå dropshipping og nettbutikkar som opererer frå land utanfor EØS-området, bør vere klar over at det er ein tydeleg auka risiko for at produkta kan innehalde farlege og forbodne stoff, seier sekjsonsleier Mathieu Veulemans i Miljødirektoratet.

Nettbutikkar og marknadsplattformer utanfor og innanfor EØS-området vart kontrollerte i aksjonen som Sverige, Finland og Noreg samabeidde om. 

Dei vanlegaste feila var

  • For høg konsentrasjon av bly i loddepunkta i elektriske og elektroniske produkt. Bly og blysamband kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar.
  • For høg konsentrasjon av DEHP (ftalat) og kortkjeda klorparafinar (SCCP) i mjuk plast. DEHP kan gi skadeeffektar på hormonreguleringa. kortkjeda klorparafinar er mistenkte å vere kreftframkallande.
  • For høg konsentrasjon av kadmium i smykke. Kadmium og dei fleste kadmiumsamband er kreftframkallande og svært giftige.
  • Det er svært alvorleg at det blir selt så mange produkt som inneheld farlege stoff i strid med regelverket, og som derfor er forbode å selje. Produkta kan skade både folks helse og miljøet, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.

Helse- og miljøskadelege stoff er strengt regulerte på grunn av den negative effekten deira på menneskes helse og/eller miljø. Dette er stoff som vi ikkje ønskjer i krinsløpet i naturen.

Vesentleg fleire avvik frå dropshipping-nettbutikker og nettbutikkar utanfor EU

66 prosent av produkta vi kjøpte frå nettbutikkar og marknadsplattformer utanfor EØS var ulovlege. I nettbutikkar og plattformer innanfor EØS, fann vi at 31 prosent var ulovlege produkt.

Dropshipping-nettbutikkane hadde størst brot på regelverket, med heile 70 prosent forbodne varer.

Dropshipping-butikkar er ein relativt ny og stadig meir populær forretningsmodell innan netthandel. Ein dropshipping butikk har ingen varer sjølv, men speglar andre butikkars varer, slik at det ser ut som at det er nettsida sine eigne produkt.

Når kunden bestiller eit produkt, vil dropshipping-butikken leggje inn bestilling hos seljar av varet, og varet blir send direkte til kunden. 

Oppfølging av nettbutikkar og netthandel

Dei fleste nettbutikkane stansa omsetninga og fjerna dei forbodne produkta etter førespurnader frå dei nordiske tilsynsmaktene som deltok i aksjonen.

Nettbutikkane skal opplyse om kontaktinformasjon og kvar dei held til høve til e-handelsdirektivet, som Forbrukartilsynet forvaltar. Det kan dessverre vere vanskeleg både for styresmaktene og for forbrukarar å finne ut kven den ansvarlege aktøren bak nettbutikkar er sidan det ofte manglar informasjon om dette på nettsida.

Saman med dei nordiske og europeiske kollegaene våre kjem vi til å halde fram og kontrollere netthandel for å sørgje for at verksemdene følgjer regelverket og ikkje sel ulovlege produkt.