Anbefalingar om Noregs neste klimamål til FN

Noreg bør ha som mål å redusere utslepp av klimagassar med minst 80 prosent i 2035. Minst tre firedelar bør kuttast nasjonalt for å sikre omstilling.

Publisert 29.11.2023

– Parisavtalen er tydelege på at industrialiserte land må gå føre, og vi meiner at målet må vere i storleiksorden 80 prosent kutt i 2035 for at det skal reknast som ein rettferdig del av globale reduksjonar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I 2025 skal alle land melde inn forsterka klimamål under Parisavtalen for perioden etter 2030. Klima- og miljødepartementet har bede Miljødirektoratet om eit fagleg grunnlag og vurderingar knytt til kva Noregs neste klimamål bør vere.

I rapporten Et 2035-bidrag som sikrer omstilling nasjonalt har Miljødirektoratet vurdert både ambisjonsnivå og moglege innretningar av målet som skal meldast inn til FN.

Med 80 prosent kutt vil Noreg ta sin rettferdige del av ansvaret

For å redusere sjansane for dei mest dramatiske klimaendringane, tilrår Miljødirektoratet at Noregs ambisjonsnivå bør ta utgangspunkt i det lågaste temperaturnivået i Parisavtalen – å avgrense temperaturauken til 1,5° C.

Parisavtalen slår fast at industriland bør ta på seg absolutte mål for utsleppsreduksjonar som dekkjer heile økonomien. Ei rettferdig byrdefordeling tilseier at rike land som historisk har stått for høge utslepp per innbyggjar, har eit ekstra ansvar for å bidra til utsleppskutt.

Derfor tilrår Miljødirektoratet at Noreg melder inn eit mål om å redusere utslepp i 2035 tilsvarande minst 80 prosent av nasjonale utslepp i 1990. Rapporten til Miljødirektoratet viser også til EUs vitskaplege klimaråd, som omtalar kva som bør vere EUs rettferdige bidrag.

60 prosent bør takast heime for å sikre nødvendig omstilling i Noreg

– Det er viktig at alle land tek ansvar for eigne utslepp. Noreg har ikkje tidlegare meldt inn eit mål som seier noko om kor store delar av utsleppskutta som skal takast heime utan å kjøpe utsleppsreduksjonar i andre land. Eit slikt mål vil gi klare styringssignal, bidra til nødvendig omstilling og er mogleg å oppnå, påpeikar Ellen Hambro.

Noregs klimagassutslepp er redusert med under fem prosent sidan 1990, og det er behov for storstilt omstilling for å snu utviklinga i Noreg for å bli eit nullutsleppssamfunn. Det vil likevel vere svært krevjande å redusere dei nasjonale utsleppa med så mykje som 80 prosent innan 2035. Analysane til Miljødirektoratet viser at det er mogleg å kutte nasjonale utslepp med 60 prosent innan 2035.

For å klargjere kva eit mål for nasjonale utsleppsreduksjonar i 2035 vil innebere, synleggjer rapporten så langt det er mogleg koplinga mellom potensialet for utsleppsreduksjonar og behovet for styrka klimapolitikk. I rapporten peikar Miljødirektoratet mellom anna på at kvotesystemet ikkje åleine vil gi nødvendig omstilling.  

– Vi har eit godt utgangspunkt samanlikna med mange andre land. Noreg har finansielle musklar og eit høgt kompetansenivå. Vi har også ei relativt oversiktleg utfordring nasjonalt, men klimaomstillinga blir likevel krevjande, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Fordi Miljødirektoratet tilrår eit overordna mål om 80 prosent reduksjon, og vurderer at berre tre firedelar av dette er realistisk å ta nasjonalt innan 2035, må delar av målet oppfyllast i samarbeid med andre land. Miljødirektoratet tilrår eit vidare samarbeid med EU.

Eit 2035-mål som spesifiserer kor mykje av utsleppsreduksjonane som skal takast nasjonalt er tydeleg og gir nødvendig føreseielegheit. Eit overordna 80-prosent mål og eit eige delmål for nasjonale utsleppsreduksjonar vil bidra til å gjere framtidige klimamål føreseielege og så enkle som mogleg å styre etter.

Eit eige mål for skog- og arealbrukssektoren

Skog og arealbruk skil seg vesentleg frå andre sektorar ved at han har både utslepp og opptak av klimagassar. Karbondynamikken blir påverka av naturen sine eigne prosessar, i tillegg til menneskeleg aktivitet som planting, hogst og nedbygging av areal. Det er store og til dels uføreseielege årlege variasjonar i utslepp og opptak frå skog og arealbruk. Klimaendringane i seg sjølve vil også påverke utslepp og opptak og gi uvisse i framtidig utvikling.

– Vi tilrår at det blir meldt inn eit separat mål for skog- og arealbruk. Då unngår vi at usikkerheiter i skog- og arealbrukssektoren "smittar over" til det overordna målet, og behovet for utsleppsreduksjonar i andre sektorar blir meir føreseieleg, seier Hambro.

Miljødirektoratet peikar på ulike forhold som bør vektleggjast ved utforming av eit eige mål for skog og areal. Målet bør mellom anna formast slik at det gir reduserte utslepp og auka opptak på både kort og på lang sikt, og det bør sjåast i samanheng med mål for naturmangfald og forpliktingane i Naturavtalen.

Tida til 2050 er knapp, og kvart tonn tel

For å avgrense dei skadelege verknadene av global oppvarming bør klimatiltak gjennomførast så raskt som mogleg. Klimagassar blir lenge i atmosfæren, og kvart tonn tel. Sjølv om måla er formulerte som ein prosentvis reduksjon i eit framtidig år, er det difor avgjerande å innføre verkemiddel og gjennomføre utsleppskutt så raskt som mogleg i perioden fram mot målet.

Cicero har nyleg publisert forsking som viser at det kanskje ikkje lenger er mogleg å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader. Dette funnet understrekar behovet for raske og djupe utsleppskutt.