"Alle" kjenner allemannsretten

Ei ny undersøking viser at dei fleste av oss kjenner til allemannsretten, men at det er ein del misforståingar om kva reglar som gjeld.

Publisert 05.10.2023

– Allemannsretten er sjølve grunnlaget for friluftslivstradisjonen vi held så godt i hevd i Noreg, og det er gledeleg å sjå at folk er medvite desse rettane. Samtidig ser vi at nokre av føresegnene ikkje er så godt kjende. For å unngå konfliktar knytt til friluftsliv er det viktig med god kjennskap til kva allemannsretten inneber, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Kvar kan du telte? Er gjerdet eg trefte på i strandsona lovleg? Kan jegerar jakte kvar dei vil? Slike spørsmål er relevante for mange no i haustferietida, og svara finst ofte i det vi kallar allemannsretten. Føresegnene til friluftslova om allemannsretten gir oss stor fridom til å bruke naturen – uavhengig av kven som eig grunnen vi går på – men også ein del pliktar.

Ei ny undersøking Yougov har utført på oppdrag frå Miljødirektoratet viser at i overkant av 8 av 10 nordmenn kjenner til allemannsretten.

Så godt meiner vi at vi kjenner allemannsretten:

  • Kjennskapen til allemannsretten er stabil, i 2019 svarte 82 prosent at dei kjende til allemannsretten, i 2022 steig dette eit lite prosentknepp til 83.
  • Fire av ti seier dei kjenner allemannsretten godt og svært godt, mens to av ti kjenner allemannsretten dårleg og svært dårleg.
  • Dei som kjenner til allemannsretten er i større grad eldre enn 50 år og har høgare utdanning og inntekt, viser undersøkinga.

Sjå alle resultata frå spørjeundersøkinga her:

Yougov har også stilt ein del kunnskapsspørsmål om allemannsretten. På mange spørsmål har det store fleirtalet god oversikt over kva reglar som gjeld, men på ein del spørsmål er det mange som bommar.

Her er nokre føresegner mange svarar feil om (rett svar angitt i prosent):

  • Berre 31 % svarer rett om at naturområde kan vere utmark sjølv om dei er skilta som privat område.
  • 36 % veit at allemannsretten gjeld på privat grunn.
  • Litt over halvparten (56 %) veit at allemannsretten gir rett til å sykle på privat veg.
  • 63 % kjenne til at kommunen kan avgrense retten til å setje opp telt i utmark.
  • Berre 23 % oppgir at dei veit at grunneigar ikkje kan vise bort folk som er til hinder for jakt og fiske.
  • 38 % veit at grunneigar ikkje kan vise bort dei som plukkar bær.

– Vi ser en del døme på at folk ikkje veit kor vidtgåande tilgang til fri ferdsel og bruk av naturen allemannsretten faktisk gir, seier Hambro.

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for allemannsretten, men det er kommunen som i hovudsak forvaltar allemannsretten etter friluftslova. Ei viktig oppgåve for Miljødirektoratet er dermed å rettleie om allemannsretten.

– På nettsidene våre finn friluftslivsbrukarar, kommunar og andre rettleiingsmateriale om kva reglar som gjeld. Undersøkinga vi no har fått utført gir oss ein god peikepinn på kva føresegner vi treng betre og meir aktiv informasjon om, seier miljødirektøren.

Lær meir om allemannsretten: