Alvorleg auke av ulovleg laksefiske

Miljødirektoratet er bekymra for utviklinga av ulovleg laksefiske i delar av landet. Samtidig førar ny strategi til at fleire blir tekne.

Publisert 16.10.2023

Les saken på bokmål her.

– Vi ser svært alvorleg på situasjonen i Vestland og deler av Nordland. Trass i informasjon, auka oppsyn og fleire som blir tekne, ser vi ein auke i talet på lovbrot. Samtidig er vi positivt overraska over at ulovleg garnbruk har gått dramatisk ned i Troms. Det viser at auka nærvær av Statens naturoppsyn hjelper, seier Morten Kjørstad, direktør i Statens naturoppsyn.

– Ulovleg garnfiske er ein alvorleg trussel

Totalt har Statens naturoppsyn (SNO) inndrege 215 ulovlege garn og andre reiskapar, noko som er langt høgare enn 138 i fjor. SNO har i tillegg meldt 47 personar for brot på lakse- og innlandsfiskelova i 2023 mot 30 i fjor.

– Ulovleg garnfiske er ein alvorleg trussel mot laksebestanden, fordi garnfiske kan fange store mengder laks. Enkelte elvar og vassdrag er stengt for fiske fordi laksebestanden her er svært sårbar. Viss desse bestandane blir fiska ulovleg i sjø eller elv, kan i verste fall laksestammen i vassdraget bli utrydda, seier Kjørstad.

Miljødirektoratet reagerer med meldingar og straffegebyr på ulovleg fiske. Mens talet på politimeldingar har gått opp i 2023, vart det berre gitt 12 straffegebyr mot 24 i fjor.

– Lovbrota er meir alvorlege i år. Det ser vi på talet på politimeldingar. Miljødirektoratet gir alltid mildaste form for sanksjon, som til dømes straffegebyr, når det er mogleg. I år er fleire av lovbrota såpass alvorleg, at vi har valt å melde det til politiet, seier Kjørstad.

Les meir om korleis Miljødirektoratet reagerer på miljøkriminalitet og sjå statistikk her:

Kritisk i deler av Vestland og Nordland

I 2021 hamna laksen på raudlista for trua artar, fordi talet på laks som kjem inn i elvane er kraftig redusert. I Vestland og Nordland, der laksebestandane i fleire vassdrag er under rehabilitering, er situasjonen spesielt kritisk.

– I eit avgrensa område i Vestland går det spesielt føre seg mykje ulovleg fiske. Vi har hatt ekstra oppsyn her i år, noko som har resultert i fleire meldingar enn tidlegare år. SNO kjem til å ha auka fokus på oppsynet i Vestland også neste år. Vi vil også ha større merksemd på andre område som vi opplever som problematiske. Målet er å få slutt på ulovleg laksefiske, seier Kjørstad.

Hos Statsforvaltaren i Vestland blir det jobba med å lage betre skilting med informasjon til fiskarane. Det blir også planlagt innskjerping av fleire regionale forskrifter. Dessverre trur ikkje fiskeforvaltar Gry Walle hos Statsforvaltaren at meir informasjon åleine er tilstrekkeleg for å betre situasjonen vesentleg.

– Vi er veldig bekymra for at det går føre seg så mykje ulovleg fiske i Vestland, og særleg dei alvorlege konsekvensane av garnfiske. Laksebestanden i områda våre er ikkje bra, og mange vassdrag er stengde. Det er frykteleg irriterande og trist. I Vestland har vi rett og slett behov for at SNO er veldig mykje til stades, seier Walle.

Fleire blir tekne på fersk gjerning

I år har Statens naturoppsyn sett inn ekstra ressursar i område med sårbare laksebestandar kor ulovleg fiske kan gjere stor skade på bestandane.

– Den nye strategien med auka oppsyn i problemområde har ført til fleire meldingar med kjend gjerningsperson. Fleire har vorte tekne på fersk gjerning, og forhåpentleg vil dette bidra til å redusere det ulovlege fisket, seier Kjørstad, og minner om at dette er miljøkriminalitet.

Basert på talet på tips og tilbakemeldingar Miljødirektoratet får, er det tydeleg at folk synest ulovleg fiske er ugreitt. Samtidig førar fleire av tipsa til at personar som driv med ulovleg fiske blir tekne.

Tips oss gjerne om ulovleg fiske og annan miljøkriminalitet her: