Ny avtale: Kjemikaliar skal ikkje skade helse og miljø

Landa i verda er samde om å løyse dei store problema med kjemikaliar. Ny global FN-avtale skal sikre at farlege stoff blir handterte forsvarleg.

Publisert 04.10.2023

– Dette er ein stor milepæl i det internasjonale arbeidet for å få bukt med forureining. Verda har sidan 2006 hatt eit mål om å nå ei trygg forvaltning av kjemikaliar globalt, men dette har vi ikkje nådd. Difor er vi no nøydde til å auke ambisjonane og innsatsen for å løyse dei største problema meir effektivt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Verda har no fått ein sterk og ambisiøs avtale om kjemikaliar. Prosessen har vore under forhandling i fleire år etter at den vart forseinka av pandemien. Etter intense diskusjonar mellom landa i verda vart forhandlingane landa laurdag morgon 30. september i Bonn i Tyskland.

Det nye rammeverket, Global Chemicals Framework, skal bidra til å redusere utslepp av helse- og miljøskadelege stoff ved at slike stoff blir handterte på ein trygg måte. Alle land samarbeider i det nye rammeverket, saman med både industri og frivillige organisasjonar. Dei har i rammeverket sett globale mål på kjemikalie- og avfallsområdet.

Forureining er eit globalt miljøproblem 

Verda står ovanfor ei trippel planetær krise, klimaendringar, tap av biologisk mangfald og forureining, slik det vart uttrykt av Inger Andersen, generaldirektør for FNs miljøprogram.

– Bruk og utslepp av helse- og miljøskadelege stoff gir store lokale problem mange stader i verda. I tillegg kan slike stoff i nokre tilfelle spreiast over landegrenser. Dette er globale miljøproblem som krev global handling. Det er viktig for Noreg å støtte opp om globalt arbeid, slik at vi kan handtere miljøutfordringane på best mogleg måte, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Noreg fekk også valt inn ein representant i byrået til det nye rammeverket, som er øvste styrande organ.

Kjemikaliar skal handterast trygt for å hindre farlege utslepp

Eit hovudmål i rammeverket er at kjemikaliar skal handterast trygt. Det skal bidra til å hindre forureining før han oppstår.

Det finst allereie nokre globale avtalar som regulerer nokre kjemikaliar, men det nye rammeverket legg til rette for at vi kan samarbeide om utfordringar knytt til mange fleire helse- og miljøfarlege stoff.

Gjennomføringa av avtalen vil omfatte større og mindre prosjekt, program og rapportar. Til dømes vil det finnast prosjekt som tek tak i bly i måling og bruk av svært skadelege plantevernmiddel, som begge er spesielt viktig for utviklingsland. Å styrkje nasjonal infrastruktur for å handtere kjemikaliar i utviklingsland er særleg prioritert.