Testar brunnen kalk for å drepe hamnespy

I Haugesund hamn har havforskarane starta forsøk med bruk av brunne kalk for å drepe hamnespy.

Publisert 30.10.2023

– Det er viktig at vi gjer det vi kan for å bremse spreiinga av hamnespy til eit slikt nivå at vi unngår dei mest negative konsekvensane arten kan ha for naturmangfald og sårbar natur, oppdrett og anna næring, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Teppe på havbotnen

Hamnespy er ein type sjøpung som ikkje høyrer naturleg til i norske farvatn. Arten veks som eit teppe på havbotnen, og tek over leveområda til artar som naturleg høyrer heime der. 

Sjøpungen kan mellom anna vekse på kaiar, skipsskrog, småbåtar og flyteobjekt som tauverk, flytebryggjer og blåser.

98 prosent dødelegheit

Sidan arten vart oppdaga i Noreg i 2020, har havforskarar prøvd å finne metodar for å få bukt med arten. I hamna i Haugesund vart det 25. oktober gjort forsøk på å få bukt med hamnespy med brunnen kalk. Dette har allereie vore testa i laboratorium, der ein har sett 98 prosent dødelegheit hos sjøpungen.

– Vi bruker partiklar frå ein type brunnen kalk. Når det kjem i kontakt med vatn utviklar det varme, og så blir det surt, forklarer forskar Vivian Husa i Havforskingsinstituttet, som utførte forsøket med finansiering frå Miljødirektoratet.

To metodar vart testa

Først hengde forskarane opp matter langs den hamnespyinfiserte betongkaien  i Haugesund. I desse mattene er det lommer som er fylte opp med kalk. Desse skal henge i direkte kontakt med hamnespyet i 24 timar.

I det andre forsøket la  dykkarar ut eit lag med kalkpartiklar i eit utvalt område. Det vart brukt ein eigenutvikla «pyramide» for å verne dykkarane mot stoffet.

– Dykkarane bør ikkje få stoffet på seg. Derfor har vi utvikla denne pyramiden, for å gjere det sikrare å fordele ut kalken, seier Husa.

– I dette området er det spesielt mykje hamnespy, så  dei neste månadene vil vi få gode indikasjonar på om det gror tilbake, forklarer ho.

Kan ha negative effektar på andre dyr

Kalkproduktet som blir brukt mot hamnespyet kan ha negative effektar på andre organismar.

– Dette er først og fremst ein test for å sjå korleis den brunne kalken fungerer i sjø. Vi tek høgd for at det også kan påverke andre artar som bur der, seier Husa.

Positive tiltak for bekjemping

Noreg har forplikta seg gjennom FNs naturavtale, til å prioritere arbeidet mot framande artar i større grad.

– Vi skal prøve å forhindre at prioriterte framande artar blir introduserte og blir etablerte. Vi skal også jobbe med å redusere introduksjons- og etableringstakten for andre kjende eller potensielle framande skadelege artar med minst 50 prosent innan 2030. Dette gjer arbeidet med å avgrense spreiinga av hamnespy ekstra viktig, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Det er no rundt 40 framande marine artar registrert i Noreg, medan det i Middelhavet er heile 900.

– Ein slik situasjon som det vil sjølvsagt ikkje vi ha. Men det kan bli mykje verre her òg, om vi ikkje gjer noko. Vi håpar å kunne avgrense utbreiinga med tiltak mot spreiing, og finne metodar som kan fjerne arten frå sårbare område og viktige område for næringsaktivitet. Derfor støttar vi tiltak som desse forsøka med brunnen kalk, seier  Hambro.