Besøkssenter villaks til Lærdal, Mandalselva og Gaula

Miljødirektoratet har autorisert tre nye besøkssenter villaks som skal formidle kunnskap om betydninga av laksen og korleis vi kan vareta den.

Publisert 16.12.2024

– Lærdal, Mandalselva og Gaula er alle godt eigna som nye besøkssenter villaks. Dei har gode fasilitetar, ligg nær viktige lakseelvar, har mykje besøk og er godt lokalt forankra. I utveljinga har vi også vore opptekne av ei geografisk spreiing av sentera, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Ifølgje forslaget til statsbudsjett for 2025 (St. Prop. 1 2024-2025) vil dei autoriserte sentera få inntil 2,3 millionar kroner per senter det første året. Det er kunngjort til saman fire autorisasjonar i ulike regionar. Autorisasjon av besøkssenter villaks for sør, midt og vest blir gjort av Miljødirektoratet. Klima- og miljødepartementet har vedteke at autorisasjonsavgjerda for villakssenter for region nord blir gjort av departementet.

Besøkssentera blir viktige kunnskapsformidlarar for den nordatlantiske villaksen. Dei skal både auke kunnskapsnivået om villaks og skape interesse for å ta vare på den. Dei skal rettleie, informere og formidle kunnskap om villaksen tilpassa ulike brukargrupper i ein nasjonal og regional kontekst. Alle besøkssentera våre har eit spesielt ansvar for å bidra til å auke kunnskapen i befolkninga om natur og naturverdiar. Hovudmålet med besøkssenter er å auke kunnskapen i befolkninga om natur og samtidig bidra til lokal verdiskaping.

Om sentera

Lærdal

Nasjonalt villakssenter i Lærdal er etablert i eit bygg som ligg ved breidda av det nasjonale laksevassdraget Lærdalselva. Bygget er spesialtilpassa for utstillingar og visning av levande fisk. Noverande utstilling om atlantisk laks vart opna i juni 2023.

Det er tilsett ein eigen naturformidlar ved senteret. Forutan utstillinga, inneheld bygget bakeri, kafé, turistinformasjon, Sogn kunstsenter og ein kultursal. Det er kort avstand frå senteret til Jostedalsbreen, med naturinformasjonssenter i Jostedalen, Fjærland og Stryn.

Mandalselva

Mandalselva villakssenter AS er etablert i 2017. Senteret er lokalisert i eige bygg på Å energi eigedommen sin på Laudal i Marnadal. Bygningane inneheld kafé, resepsjon, møtefasilitetar og akvariebygg.

Det er ei utstilling om villaksen i Mandalselva og om historiske fiskereiskapar. På utearealet er det bygd ein elvepark og det er informasjonstavler om villaks. Forankringa lokalt og regionalt er god og brei.

Gaula

Besøkssenteret vil bli knytt til “Gauldalsporten”, som ligg på Prestteigen (Støren). Dette er i dag eit heilårleg ope møtepunkt og senter. Bygningane inneheld kafé, resepsjon, møte- og kontorfasilitetar, kinosal, ei eldre utstilling om natur og miljø i Gauldalen, og dessutan ein nyare del om laksen, livshistorie og utfordringar.

Prestteigen har eit stort uteareal mot det nasjonal laksevassdraget Gaula. Nærleik til elva med stien frå Gauldalsporten langs Gaula gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Besøkspotensalet er vurdert å vere stort. Gaula villakssenter blir organisert frå starten av som eit prosjekt i Midtre Gauldal kommune. Prosjektet er godt lokalt forankra over lang tid, og er knytt til regionalt planverk.

Fakta: Kva er eit besøkssenter?

Eit autorisert besøkssenter har informasjonsansvar for naturverdiar, artar eller areal i sitt område. Besøkssenteret skal formidle naturvitskapleg, naturhistoriske og kulturelle og opplevingsmessige verdiar og setje søkjelys på berekraftig bruk av dei verdiane dei formidlar.

Det er per i dag 41 besøkssenter i Noreg som formidlar informasjon og kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovdyr, skog og Oslofjorden.

Les meir om korleis ein kan bli besøkssenter: