Millionbot for ulovleg skipsopphugging
Reiarlaget Altera godtek førelegg på åtte millionar kroner for ulovleg eksport av skip til opphogging i India.
Miljødirektoratet melde i 2019 reiarlaget Teekay, no Altera Infrastructure Norway , AS for ulovleg eksport av avfall. Tidlegare i år gav Økokrim reiarlaget et førelegg på åtte millionar kroner. Altera har no akseptert bota.
– Norske reiarlag skal kjenne til at det er ulovleg å eksportere skip som er avfall, med mindre dei har løyve frå Miljødirektoratet. Det er også godt kjent at vi ikkje tillèt eksport av skip som skal til India, Pakistan eller Bangladesh, seier avdelingsdirektør Anne-Marie Viklai Miljødirektoratet.
Skipa vart hogge opp ulovleg på ei strand i India
Dei to Teekay-skipa Navion Scandia og Alexita Spirit gjekk i si tid i Nordsjøen som skyttel-tankarar. Dei enda opp ulovleg på ei strand i Alang i India.
Det er ikkje lov å eksportere slike skip til opphogging utan løyve frå Miljødirektoratet. Vi gir ikkje løyve til eksport av skip ut av OECD-området for opphogging på strender.
– Forventninga vår er at norske reiarlag tek sitt miljøansvar og følgjer miljøkrava. Vi melde reiarlaget fordi vi ser svært alvorleg på eksport av avfall som kan gi store miljøkonsekvensar i utviklingsland med svakare miljølovgiving enn Noreg, seier Anne-Marie Vikla.
Samarbeidet vi har med Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Kystvakta er viktig for å stoppe denne typen miljøkriminalitet.
Millionbøter for ulovleg opphogging
Dette er andre gongen ei melding frå Miljødirektoratet har ført til millionbøter for brot på ulovleg eksport av skip til opphogging. Skipet Tide Carrier (Harrier) vart i 2018 hindra i å segle frå Noreg til ulovleg opphogging i Pakistan.
Singapore-selskapet Wirana Shipping fekk ei bot på sju millionar kroner av Økokrim for forsøk på å smugle skipa ut av Noreg. Den norske skipsreiaren Georg Eide vart dømd til seks månaders fengsel.