Reinare luft krev større klimakutt
Stadig betre luftkvalitet forsterkar den globale oppvarminga, viser nye data. Løysinga er å kutte utslepp av klimagassar endå raskare.
– Reinare luft i mange land er godt nytt for menneskes helse. Men det forsterkar også den globale oppvarminga, fordi vi fjernar den avkjølande effekten som luftforureina partiklar har på klimaet. Det er ikkje eit alternativ å droppe arbeidd med å betre luftkvaliteten i verda. Løysinga er endå raskare og større utsleppskutt av klimagassar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Mindre aerosolar gir meir oppvarming
Aerosolar er bitte små partiklar av fast stoff eller væske som svevar i lufta, som støv, sot og oske. Medan mange aerosolar kjem frå naturlege kjelder, som vulkanar og skogbrannar, bidreg menneskeskapte aerosolar frå vedfyring, bileksos og industri, til luftforureining. Begge typar aerosolar påverkar klimaet.
På oppdrag frå Miljødirektoratet har miljøforskingsinstituttet Nilu overvakt aerosolar i mange år. Slik får vi betre forståing av dei langsiktige trendane i påverkinga til aerosolane på klima.
Aerosolar har så langt hatt ein avkjølande effekt på klima sidan starten av den industrielle revolusjonen. Dette er i ferd med å endre seg fordi mange land kuttar utslepp av aerosolar. Det er godt nytt for den globale folkehelsa, men det har er ein uheldig bieffekt på klima.
– Det store spørsmålet er kor mykje og kor raskt oppvarminga vil akselerere når luftkvaliteten stadig blir betre. Særleg når land med framleis høge generelle nivå av luftforureining, som Kina og India, gjer lufta reinare, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Nøyaktig kor mykje av oppvarminga som så langt har vorte maskert av aerosolar i atmosfæren er usikkert.
– Jo sterkare avkjølingseffekten faktisk er, desto meir kjenslevart er klimaet for klimagassar. Viss forureining frå aerosolar blir redusert betydeleg, kan vi derfor oppleve raskare og meir markant global oppvarming i framtida, seier seniorforskar Stephen Platt i Nilu.
Metankutt sikrar både rein luft og eit leveleg klima
Nivåa av klimagassar i atmosfæren held fram med å stige. I 2023 vart det målt rekordhøge konsentrasjonar av klimagassar i atmosfæren over Noreg - og globalt. Spesielt raskt aukar konsentrasjonen av metan (CH4).
FNs klimapanel slår fast at raske, store og vedvarande utsleppskutt i den kraftige klimagassen metan vil spele ei nøkkelrolle i å avgrense den globale oppvarminga. Fordi både aerosolar og metan har relativt kort levetid i atmosfæren, kan dei balansere og "nulle ut" kvarandres effekt på klima gjennom reduserte utslepp.
Dei blir balanserte fordi utsleppskutt i avkjølande aerosolar har ein oppvarmande effekt , medan kutt i metan har ein avkjølande effekt.
– Dersom vi skal oppnå ei framtid med rein luft og eit leveleg klima, er det avgjerande at vi sørgjer for raske, store og vedvarande utsleppskutt i CO2, metan og andre klimagassar. Dette samtidig som vi jobbar for betre luftkvalitet rundt om i verda, seier miljødirektør Ellen Hambro.
- Luftforureining er partiklar, gassar og stoffar i lufta som er skadelege for menneske og/eller økosystem. Menneskeskapte aerosolar er ein type luftforureining.
- Aerosolar kan ha ein direkte avkjølande effekt på klima gjennom å reflektere innkommande solstråling ut av atmosfæren og tilbake til verdsrommet, eller direkte oppvarmande effekt gjennom å absorbere solstråling slik at dei varmar lufta rundt seg.
- Aerosolar kan også påverke klimaet indirekte gjennom interaksjon med skyer.
- Ifølgje FNs klimapanel har aerosolar totalt sett sidan starten av den industrielle tidsalderen hatt ein nedkjølande effekt på klimaet gjennom reflekteringa til aerosolane av solstråling, med størst effekt indirekte gjennom skyer.
Ifølgje forskingsprosjektet Exhaustion kan høge nivå med luftforureining i periodar med hete auke risikoen for hjarte- og lungesjukdommar. God luftkvalitet bidreg til å dempe dei negative helseeffektane i periodar med ekstrem varme og hetebølgjer.
På grunn av klimaendringar er det forventa auka hyppigheit og intensitet i hetebølgjer med følgjande auka risiko for skogbrannar. Ifølgje FNs meteorologiorganisasjon (WMO) gir fleire skogbrannar meir utslepp av aerosolar som forureinar lufta.
FNs klimapanel påpeikar at fleire tiltak som kuttar utslepp av klimagassar også gir fordelar for luftkvalitet og helse. Til dømes vil meir gange og sykkel i staden for bilkøyring gi mindre klimagassutslepp, mindre utslepp av luftforureining og gode helsefordelar.