Klimasats-støtte med rekordstor interesse

128 kommunar og fylkeskommunar har søkt om 712 millionar kroner i støtte til lokale klimatiltak. Her kan du sjå kva kommunen din har søkt om.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 20.02.2024
Bilete av fem personar (som jobbar i Stavanger kommune) som står på ei hamn i Stavanger.
Stavanger kommune er blant Klimasats-søkjarane i 2024. Dette biletet vart teke i fjor, då kommunen mellom anna fekk tilsegn om støtte til kartlegging av karbonrike areal i sjø. På biletet, frå venstre: Lin Knarvik, Tom Kjellsen, Linda Christine Olsen, Tone Ankarstrand og Lars Øverby. |Foto: Louise Larsen/Kartverket

Miljødirektoratet har fått 407 søknader frå kommunar i alle fylke i landet. Aldri før har kommunane søkt om så mykje i støtte frå Klimasats-ordninga. Det betyr stor konkurranse om potten, som i år er på rundt 220 millionar kroner.

– Kommunane har ei viktig rolle i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Eg er glad for at så mange kommunar har søkt Klimasats-midlar til gjennomføring av nye tiltak som kuttar utslepp og omstiller kommunane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Skapar lokalt engasjement

Søknadsfristen var 15. februar. Miljødirektoratet startar søknadsbehandlinga omgåande og har som mål å gi svar til kommunane om dei får støtte innan slutten av juni 2024.

− Klimasats er ei fleksibel støtteordning som gir kommunane høve til å finne lokalt tilpassa løysingar. Det skaper engasjement, innovasjon og resultat i både små og store kommunar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ved prioritering av søknader legg Miljødirektoratet vekt på mellom anna potensialet for utsleppsreduksjonar på kort og lang sikt, og i kva grad tiltaket gjennom nytenking, involvering av relevante aktørar og moglegheit for varige endringar vil bidra til omstilling.

Kuttar utslepp på mange område

Sidan 2016 har Klimasats-ordninga mobilisert kommunar over heile landet, redusert viktige barrierar, endra praksis, gitt erfaringar med ny teknologi og gitt utvikling av metodar og løysingar for å måle klimaeffekten.

Dei konkrete prosjekta har kutta klimagassutslepp gjennom auka bruk av utsleppsfrie maskiner og køyretøy, redusert matsvinn, meir klimavennleg areal- og transportplanlegging, fleire klimatiltak i bygg og meir systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar i heile landet.

Dette vil kommunane gjere i 2024

Ein førebels gjennomgang viser at klimaomsyn i areal- og transportplanlegginga er den kategorien med flest søknader i 2024. Kommunane har søkt støtte til å utvikle kunnskapsgrunnlag for klimaomsyn i arealplanlegging, og arbeidet med å ta klimakunnskapen inn i arealplanane. Som lokal og regional planstyresmakt har kommunane og fylkeskommunane ein unik og avgjerande rolle for å bidra til utsleppskutt frå særleg vegtrafikk og skog- og arealbruk.

Miljødirektoratet har òg fått veldig mange søknader frå kommunar som vil bruke Klimasats-ordninga til å redusere utslepp frå byggje- og anleggsprosjekt, og gjennom offentlege anskaffingar. Kommunar og fylkeskommunar kjøpte inn varer og tenester for 265 milliardar kroner i 2021, inkludert 60 milliardar kroner til bygg- og anleggsverksemd – så her har kommunesektoren store høve til å påverke klimagassutsleppa.

− Eg synest det ser ut som at mange kommunar har fått eit bevisst forhold til kvar det er viktig at dei gjer ein innsats. Søknadsbunken reflekterer sentrale utfordringar som kommunesektoren kan og må gjere noko med, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Fordelinga til søknadene på ulike typar tiltak

Fordelinga til søknadene på ulike typar tiltak
Type tiltak Talet på søknader Sum søkt 
Generell søknad, m.a. energi, mat, sirkulær, landbruk 
Talet på søknader 
114 
Sum søkt 
252 193 534 
Areal og transportplanlegging 
Talet på søknader 
76 
Sum søkt 
66 230 225 
Tidleg kartlegging av moglege klimatiltak i bygg og anlegg 
Talet på søknader 
49 
Sum søkt 
15 246 750 
Meirkostnader i bygg og anlegg (inkluderer mange utsleppsfrie byggjeplassar) 
Talet på søknader 
45 
Sum søkt 
151 551 914 
Forprosjekt til alle typar klimatiltak; bygg, sirkulær økonomi, energi, landbruk og skog med meir
Talet på søknader 
40 
Sum søkt 
11 551 885 
Meirkostnader utsleppsfrie maskiner 
Talet på søknader 
28 
Sum søkt 
54 285 565 
Systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar 
Talet på søknader 
24 
Sum søkt 
34 301 100 
Meirkostnader i konkrete anskaffingar (unntatt maskiner og bygg/byggjeplass) 
Talet på søknader 
19 
Sum søkt 
106 10 562 
Transporttiltak 
Talet på søknader 
12 
Sum søkt 
22 024 750 
Totalsum 
Talet på søknader 
Sum søkt 
711 996 285 
Talet på søknader 
Sum søkt 
Kilde: Miljødirektoratet

Fylkesvis fordeling av søknadene

Fylkesvis fordeling av søknadene
Fylke  Talet på søknader Sum søkt 
Agder 
Talet på søknader 
34 
Sum søkt 
44 884 222 
Akershus 
Talet på søknader 
45 
Sum søkt 
63 324 651 
Buskerud 
Talet på søknader 
25 
Sum søkt 
44 195 700 
Finnmark 
Talet på søknader 
Sum søkt 
8 500 000 
Innlandet 
Talet på søknader 
22 
Sum søkt 
21 248 575 
Møre og Romsdal 
Talet på søknader 
30 
Sum søkt 
26 713 600 
Nordland 
Talet på søknader 
11 
Sum søkt 
40 214 000 
Oslo 
Talet på søknader 
22 
Sum søkt 
48 560 750 
Rogaland 
Talet på søknader 
25 
Sum søkt 
50 047 254 
Svalbard 
Talet på søknader 
Sum søkt 
10 250 000 
Telemark 
Talet på søknader 
22 
Sum søkt 
25 473 460 
Troms 
Talet på søknader 
13 
Sum søkt 
11 822 408 
Trøndelag 
Talet på søknader 
67 
Sum søkt 
92 755 750 
Vestfold 
Talet på søknader 
23 
Sum søkt 
64 077 175 
Vestland 
Talet på søknader 
44 
Sum søkt 
118 033 000 (mest) 
Østfold 
Talet på søknader 
20 
Sum søkt 
41 895 740 
Totalsum 
Talet på søknader 
407 
Sum søkt 
711 996 285 
Talet på søknader 
Sum søkt 
Kilde: Miljødirektoratet

Søkjarar med flest søknader

Søkjarar med flest søknader
Kommune  Talet på søknader  Sum søkt   
Oslo kommune 
Talet på søknader 
21 
 Sum søkt   
45 710 750 
Trondheim kommune
Talet på søknader 
21 
 Sum søkt   
33 217 250 
Bergen kommune
Talet på søknader 
18 
 Sum søkt   
39 083 500 
Drammen kommune
Talet på søknader 
15 
 Sum søkt   
34 196 600 
Trøndelag fylkeskommune
Talet på søknader 
13 
 Sum søkt   
30 541 925 
Kristiansand kommune
Talet på søknader 
11 
 Sum søkt   
26 565 000 
Stavanger kommune
Talet på søknader 
11 
 Sum søkt   
17 509 500 
Malvik kommune
Talet på søknader 
11 
 Sum søkt   
5 435 375 
Vestland fylkeskommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
42 183 500 
Nordre Follo kommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
11 752 000 
Lørenskog kommune 
Talet på søknader 
 Sum søkt   
7 402 000 
Tønsberg kommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
18 953 500 
Innlandet fylkeskommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
10 895 000 
Tromsø kommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
5 199 000 
Arendal kommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
4 730 000 
Asker kommune
Talet på søknader 
 Sum søkt   
15 137 050 
Indre Østfold kommune 
Talet på søknader 
 Sum søkt   
11 414 000 
Melhus kommune 
Talet på søknader 
 Sum søkt   
6 973 000 
Porsgrunn kommune 
Talet på søknader 
 Sum søkt   
6 360 000 
Talet på søknader 
 Sum søkt   
Kilde: Miljødirektoratet

Natursats: Tilskot til naturmangfald

Frå 1. mars åpnar vi for at kommunar kan søkje om støtte til tiltak som bidreg til å ta vare på og betre tilstanden for naturmangfaldet.

Kontakt

  • Camilla Schreinerseksjonsleder
  • Lise Kristin Svenning Jensensjefingeniør