Klimasats-støtte med rekordstor interesse

128 kommunar og fylkeskommunar har søkt om 712 millionar kroner i støtte til lokale klimatiltak. Her kan du sjå kva kommunen din har søkt om.

Publisert 20.02.2024

Miljødirektoratet har fått 407 søknader frå kommunar i alle fylke i landet. Aldri før har kommunane søkt om så mykje i støtte frå Klimasats-ordninga. Det betyr stor konkurranse om potten, som i år er på rundt 220 millionar kroner.

– Kommunane har ei viktig rolle i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Eg er glad for at så mange kommunar har søkt Klimasats-midlar til gjennomføring av nye tiltak som kuttar utslepp og omstiller kommunane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Skapar lokalt engasjement

Søknadsfristen var 15. februar. Miljødirektoratet startar søknadsbehandlinga omgåande og har som mål å gi svar til kommunane om dei får støtte innan slutten av juni 2024.

− Klimasats er ei fleksibel støtteordning som gir kommunane høve til å finne lokalt tilpassa løysingar. Det skaper engasjement, innovasjon og resultat i både små og store kommunar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ved prioritering av søknader legg Miljødirektoratet vekt på mellom anna potensialet for utsleppsreduksjonar på kort og lang sikt, og i kva grad tiltaket gjennom nytenking, involvering av relevante aktørar og moglegheit for varige endringar vil bidra til omstilling.

Kuttar utslepp på mange område

Sidan 2016 har Klimasats-ordninga mobilisert kommunar over heile landet, redusert viktige barrierar, endra praksis, gitt erfaringar med ny teknologi og gitt utvikling av metodar og løysingar for å måle klimaeffekten.

Dei konkrete prosjekta har kutta klimagassutslepp gjennom auka bruk av utsleppsfrie maskiner og køyretøy, redusert matsvinn, meir klimavennleg areal- og transportplanlegging, fleire klimatiltak i bygg og meir systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar i heile landet.

Dette vil kommunane gjere i 2024

Ein førebels gjennomgang viser at klimaomsyn i areal- og transportplanlegginga er den kategorien med flest søknader i 2024. Kommunane har søkt støtte til å utvikle kunnskapsgrunnlag for klimaomsyn i arealplanlegging, og arbeidet med å ta klimakunnskapen inn i arealplanane. Som lokal og regional planstyresmakt har kommunane og fylkeskommunane ein unik og avgjerande rolle for å bidra til utsleppskutt frå særleg vegtrafikk og skog- og arealbruk.

Miljødirektoratet har òg fått veldig mange søknader frå kommunar som vil bruke Klimasats-ordninga til å redusere utslepp frå byggje- og anleggsprosjekt, og gjennom offentlege anskaffingar. Kommunar og fylkeskommunar kjøpte inn varer og tenester for 265 milliardar kroner i 2021, inkludert 60 milliardar kroner til bygg- og anleggsverksemd – så her har kommunesektoren store høve til å påverke klimagassutsleppa.

− Eg synest det ser ut som at mange kommunar har fått eit bevisst forhold til kvar det er viktig at dei gjer ein innsats. Søknadsbunken reflekterer sentrale utfordringar som kommunesektoren kan og må gjere noko med, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Natursats: Tilskot til naturmangfald

Frå 1. mars åpnar vi for at kommunar kan søkje om støtte til tiltak som bidreg til å ta vare på og betre tilstanden for naturmangfaldet.