Stabil moskusbestand på Dovre

Moskusteljinga på Dovre i februar viste ein svak nedgang i talet på moskusar frå i fjor.

Publisert 26.02.2024

– Målet er å halde bestanden på 200 vinterdyr. I år vart det registrert 203 dyr, av desse var det 21 kalvar og 182 eldre dyr. Talet er som forventa noko lågare i vinter enn i fjor vinter, då det vart funne 214 dyr, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Ingen målretta uttak

Det er Miljødirektoratets feltapparat, Statens naturoppsyn (SNO), som har ansvar for å halde oversikt over moskusbestanden på Dovrefjell og gjennomfører årlege teljingar. Tidlegare i februar leidde mannskap frå SNO årets vinterteljing med hjelp frå Oppdal Bygdeallmenning, Dovre Fjellstyre og Lesja fjellstyre.

– Overlevinga til kalvane varierer frå år til år. I 2023 døydde svært mange kalvar av lungebetennelse. Ein svært våt sommar skapte vanskelege forhold for kalvar og gode forhold for utvikling og smitte av bakteriar som gir lungebetennelse, forklarer Myklebust.

Ein del kalvar døydde også av munnskurv. Frå september 2023 til februar 2024 vart kalvebestanden redusert frå 43 til 21 kalvar.

– Etter vinterteljinga i februar er det registrert at fleire kalvar mista livet. Sidan bestanden no er under 200 individ, vil det ikkje vere aktuelt med målretta uttak denne vinteren, seier Myklebust.

Følgjer bestanden tett

Moskus er ein såkalla framand art og høyrer strengt teken ikkje heime i den norske naturen. Derfor er det viktig å følgje bestanden tett og halde løpande oversikt over tal, produksjon og dødelegheit.

I forvaltningsplanen frå 2017 er det eit mål om at bestanden på vinteren ikkje skal overstige 200 dyr, og ein har sidan då redusert vinterbestanden varsamt ned frå ca. 250 dyr. SNO er ansvarleg for å ta ut dyr, dersom det er aktuelt.

For å sikre ei god forvaltning av moskusen på Dovre, har Statsforvaltaren i Trøndelag eit ekstra ansvar for å samordne og rettleie dei ulike aktørane som er involverte. Som ei oppfølging av dette har Statsforvaltaren utarbeidd ein forvaltningsplan som gir oversikt over forvaltningsmål, tiltak, og roller.

Her kan du lese forvaltningsplanen: