Statens naturoppsyn aukar bemanninga i distrikta

Statens naturoppsyn (SNO) opprettar seks nye stillingar i Finnmark, Troms og Nordland.

Publisert 01.02.2024

I statsbudsjettet for 2024 gav regjeringa ti millionar kroner for å styrkje Statens naturoppsyn i Finnmark, Troms og Nordland. Hovudårsaka er stor arbeidsmengd knytt til rovviltarbeid.  

– Dette vil styrkje kapasiteten vår i nord stort. I dag har vi berre eitt naturoppsyn på dei seks lokasjonane som no aukar bemanninga med ein person, og alle stadene har store arbeidsmengder knytt til rovvilt, seier Morten Kjørstad, direktør i SNO.  

Dei seks lokasjonane er Kautokeino og Lakselv i Finnmark, Nordreisa og Bardu i Troms, og Narvik og Saltdal i Nordland.   

Lokalt naturoppsyn  

I vedtaket frå Stortinget heiter det:  

"Stillingane skal primært bidra til å auke kapasiteten hos naturoppsynet til bestandsovervaking av rovvilt og skadedokumentasjon i regionen".  

Utover oppgåver knytt til rovviltforvaltning har SNO også ansvar for å utøve kontroll, tilsyn, gi informasjon og rettleiing, i tillegg til registrering, dokumentasjon, skjøtsel og tilrettelegging. SNO fører også tilsyn med verneområda i landet.  

Dei nyoppretta stillingane vil bli lyst ut med det aller fyrste.