For mange forbodne produkt blir selde i Europa

Ein av fem kontrollerte produkt i Europa inneheldt forbodne stoff og var ulovlege å selje.

Publisert 29.01.2024 | Oppdatert 29.01.2024

Det viser ein felles-europeisk kontroll av produkt som Miljødirektoratet deltok i. Meir enn 2400 produkt som til dømes leikar, smykkar, tekstil, elektronikk og sportsutstyr, og kjemiske produkt som målingsfjernarar, lim og luftfriskare vart kontrollert.

Resultatet av tilsynsprosjektet

I elektriske og elektroniske produkt, leikar, moteartiklar, sport og fritidsutstyr vart det funne for høgt innhald av stoffet ftalat, som er eit stoff som blir tilsett i plastprodukt for å gjere dei mjukare. I tillegg vart det funne bly i loddepunkt til krinskort i elektriske og elektroniske produkt, og dessutan bly og kadmium i smykke. Desse produkta var ulovlege å selje.

I dei kjemiske produkta vart det funne helse- og miljøskadelege stoff i målingsfjernarar og i lim. Desse kjemiske produkta var også forbodne å selje.

Resultata frå denne europeiske kontrollen samsvarer med dei funna Miljødirektoratet har gjort i eigne kontrollar av produkt.

Sjå opp for produkt frå utanfor EU/EØS

Dei fleste av dei ulovlege produkta som vart funne kjem frå land utanfor EU/EØS-området. Det er mange land som ikkje har tilsvarande strengt regelverk som EU/EØS-landa.

- Butikkar og forbrukarar bør vere klar over risikoen dei tek når ein kjøper produkt frå land utanfor Europa. For forbrukarar gjeld det særleg når ein handlar på nettet, både frå nettbutikkar utanfor EØS og i nettbutikkar som verkar norske, men som i realiteten driv verksemda si frå land utanfor EØS, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn.

Oppfølging frå miljøstyresmaktene

Miljødirektoratet har, saman med dei andre europeiske miljøstyresmaktene, følgt opp verksemdene som har selt dei ulovlege produkta. Dei har fått pålegg om å fjerne produkta frå marknaden.

Miljødirektoratet vil halde fram med å kontrollere produkt som blir kjøpte på nett då vi ser at det er der dei fleste ulovlege produkta er. Det er nettsidene som rettar marknadsføringa si mot Noreg som blir kontrollert. Talet på dropshipping- nettbutikkar, der dei fleste av varene kjem direkte frå land utanfor EU/EØS til forbrukar, har mellom anna auka. Dette aukar risikoen for at fleire ulovlege varer blir selde til forbrukarar i Noreg.