20.000 inngrep hindrar fisken frå å vandre opp i elvane

Miljødirektoratet ønskjer hjelp til å få vite meir om kva hindringar fisken møter i elvane, ved at turgåarar og andre registrerer i ein app.

Publisert 15.07.2024

– Det å ta bilete av hindringar som fisken møter i elvar og innsjøar krev ikkje store forkunnskapar. Hindringane er så mange at det er krevjande for styresmaktene åleine å gjere denne jobben raskt nok, seier prosjektleiar Jo Halvard Halleraker i Miljødirektoratet.

Treng betre oversikt

Ei betre oversikt over vandringshinder for fisk trengst når Miljødirektoratet og andre styresmakter i haust skal ferdigstille ein nasjonal handlingsplan for restaurering av elvar og innsjøar. Ein sentral del av planen blir å gjenopne bekker for fisk, og fjerne eller byggje om barrierar.

Den mest utbreidde hindringa for fisk er større tunnelrøyr som leier elvar og bekker under vegar. Slike røyr blir kalla kulvertar. Det finst meir enn 400.000 slike røyr under norske vegar. Miljødirektoratet reknar med at omtrent 20.000 kulvertar utgjer vesentlege hindringar for sjøaure, laks, ål og annan langtvandrende fisk på veg mot gyteplassane der dei formeirar seg.

– Før var det ikkje like stor kunnskap og merksemd om at det å leie elvar og bekker gjennom kulvertrøyr under vegar kunne hindre vandringa til fisken. Det er derfor bygd mange hindringar rundt i heile landet, som vi ønskjer å få meir detaljert oversikt over, seier Jo Halvard Halleraker.

App for turgåarar eller bilturistar

Dei aller fleste har sett kulvertrøyr, men mange har kanskje ikkje tenkt på at dei kan stanse den livsviktige vandringa til fisken opp i elvane.

–  Det vi treng er bilete og enkle beskrivingar av slike hindringar, som blir lagde inn i appen Barrier Tracker, seier Halleraker.

Her kan du laste ned appen Barrier Tracker på norsk:

App store

Google Play

Sjå instruksjonsvideo for bruk av appen.

Appen blir nytta i heile Europa, og vart først laga av eit EU-finansiert forskingsprosjekt. Appen er omsett til norsk av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) på oppdrag frå Miljødirektoratet. Den er laga for å kunne bli brukt av vanlege folk, og det er lett å melde inn hindringane. Registreringane ein gjer vil inngå i eit kart, som viser kvar det kan vere behov for å fjerne hindringar for fisk.

 –  Vi vil at folk som er på bilferie, fjelltur eller annan tur tek bilete og noterer litt når dei ser større røyr under vegar som dei tenkjer kan vere vanskelege for fisk å passere, seier Halleraker.

Typisk vanskelege hindringar for ein fisk er når kulvertrøyret er langt, grunt eller at utløpet er for høgt oppe til at fisken kan symje rett inn.

Viktig mot flaumskadar

Han understrekar at det å kjenne til og fjerne hindringane i elvane både er viktig for at langtvandrende fisk igjen skal få tilgang til historiske gyte- og oppvekstområde, og for å dempe flaumskadar og effektar av klimaendringane.

– Til dømes er kulvertrøyr under vegar og bygningar ein del stader flaskehalsar, som kan få elvevatn til å fløyme over større område når det er flaum, seier Halleraker.

Effektive løysingar finst

Mange vandringshinder kan fjernast, ved til dømes å byggje fisketrapp inn i kulverten eller hengje opp klatretau for ål. Meir omfattande tiltak er å byggje om kulvertrøyra slik at den naturlege elvebotnen blir bevart.

– Miljødirektoratet kan i visse tilfelle gi tilskot til ulike aktørar som vil fjerne vandringshinder for fisk. Det kan til dømes vere gamle hindringar i særleg viktige oppvekstområde for ål og fisk, seier Halleraker.

Blir stoppa etter 6000 kilometers symjetur

Den fisken som lid kanskje aller mest av å møte hindringar i elvane er ål. Ål er den sterkast trua av fiskane i norske elvar og innsjøar. Den formeirar seg i Sargassohavet i Karibia, og bruker eitt til to år på å komme seg derfrå til norske elvar. Den bruker 16-20 år på å bli kjønnsmoden før han sym 6000 kilometer tilbake til Sargassohavet, utan å ete.

– Ål er ekstremt sårbar når han møter barrierar som hindrar han i å komme seg opp i elvane. Historisk vart det fanga mange hundre tonn med ål i Noreg, særleg på Sørlandet. Dramatisk nedgang i bestanden av ål gjer at det aller meste av fangst no er stansa, og det blir jobba med å utbetre hindringar i heile Europa, seier Halleraker.

Her er den naturlege elvebotnen bevart i Gaulas sideelv Loa. Dermed kan fisken passere fritt, og faren for flaum ved flaum er liten.SLIK SKAL DET GJERAST: Her er den naturlege elvebotnen bevart i Gaulas sideelv Loa. Dermed kan fisken passere fritt, og faren for oversvømmelse ved flaum er liten. Foto: Morten Andre Bergan/Norsk institutt for naturforskning (NINA).