Førebels vurdering av lakseinnsiget klar

Ei vurdering av årets lakseinnsig så langt har no kommen. Miljødirektoratet vil neste veke gjere vedtak om det vidare laksefisket i sommar.

Publisert 05.07.2024

Frå 23. juni stengde Miljødirektoratet laksefisket i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag, etter rapportar om svært lite laks så langt i år.

Vedtak klart i tidsrommet 8.-10. juli

No har Norsk institutt for naturforskning (NINA) levert eit notat til Miljødirektoratet, som samanfattar innsig, oppvandring og fangst av laks hittil i sesongen. Miljødirektoratet vil dei næraste dagane analysere notatet, og gjere vedtak om kvar det blir lov og ikkje å fiske laks vidare i sommar.

Vedtaket kan ventast å vere klart i tidsrommet 8.-10. juli. Miljødirektoratet vil sende ut ei pressemelding når vedtaket er klart.