Informerer ikkje godt nok om innhald i tatoveringsblekk

Nesten ingen tatoveringsstudio gir påkravd informasjon til kundane om innhaldet i tatoveringsblekk.

Publisert 14.06.2024

Miljødirektoratet har kontrollert 16 tatoveringsstudio for å finne ut om dei bruker lovlege tatoveringsblekk,  og om kundane får god nok informasjon om kva dei inneheld. 

Av dei totalt 16 kontrollerte studioa var det nesten 90 % som ikkje gav  kundane påkravd informasjon om tatoveringsblekka. Kravet i regelverket er mellom anna at kundane skal få informasjon om kva tatoveringsblekk inneheld og om sikker bruk.

Viktig med rett merking

Vi kontrollerte også merkinga på i alt 58 tatoveringsblekk. 90 %  av tatoveringsblekken var ikkje merka rett. 

- Det er viktig at bransjen har god kunnskap om kjemikalieregelverket som gjeld for tatoveringsblekk, inkludert merking. Merking sørgjer for at alle som handterer kjemikaliar og forbrukarar får tilstrekkeleg informasjon til å verne seg mot helseskadar, og til å handtere kjemikaliane utan å skade miljøet, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet Mathieu Veulemans.

Tatoveringsblekk som blir selt i Noreg skal vere merkt på norsk. Dei vanlegaste feila vi fann ved merkinga var at den obligatoriske setninga: "Stoffblanding til bruk i tatoveringar eller permanent sminke», anten mangla eller ikkje var på norsk, eller at tryggingsinstruksen ikkje var på norsk.

Miljødirektoratet kontrollerte også om dei stoffa som var oppgitt på tatoveringsblekka var lovlege innhaldsstoff eller ikkje. Miljødirektoratet fann nokre tatoveringsblekk som inneheld stoff som kan vere ulovlege og vil følgje opp dette overfor importørane. Tatoveringsblekka vart ikkje analyserte, og det må derfor innhentast nærare opplysningar om stoffa for å kunne avgjere om dei er over grenseverdien for lovleg innhald eller ikkje.

Oppfølging

Alle kontrollerte tatoveringsstudio og importørar som ikkje følgde regelverket har vorte kontakta av Miljødirektoratet og har ei plikt til å rette opp manglar og feil slik at dei driv verksemda i tråd med regelverket.

Miljødirektoratet vil halde fram med å kontrollere tatoveringsbransjen og samarbeide med dei andre tilsynsmakter, i Norden og elles Europa.

Miljødirektoratet er tilsynsmakt for dette regelverket. Tatoveringsblekk er både tradisjonelle tatoveringsblekk og permanent sminke.