Laksefisket kan bli stansa
Laksefisket kan bli stansa i delar av landet på kort varsel, etter rapportar om svært lite laks så langt i år.
– Førebelse tal frå elvane tyder på svært låge fangstar av den raudlista atlantiske laksen dei aller fleste stadene i Noreg. Vi er særleg bekymra for elvar der større laks utgjer ein vesentleg del av bestanden. Der tyder fangsttala på at det kan bli alt for lite fisk på gyteplassane, sjølv om det skulle komme normalt med smålaks seinare i sesongen, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Ser svært dårleg ut så langt
Vitskapleg råd for lakseforvaltning (VRL) kom 17. juni med ein rapport som viste at talet på laksar som kom tilbake til elvane i Noreg frå havet i fjor var det nest lågaste nokosinne, og kvar tredje laksebestand har svært dårleg status. Laksesesongen 2024 er så langt i tillegg noko av det dårlegaste ein har sett, med fangstar langt under kva som er normalt så langt ut i sesongen.
– Vi gjer alltid ein midtveisevaluering av laksesesongen i starten av juli, og innfører avgrensingar i laksefisket både i elv og sjø, viss det viser seg nødvendig. I år kan dette vere for seint, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Dette inneber at laksefisket i år kan bli stengt før midtveisevalueringen.
Kan måtte stanse laksefisket tidlegare
Direktoratet jobbar no med å få oversikt over kvar det allereie ligg føre informasjon som tilseier at det er risiko for alvorlege skadar på bestandane. Det er mest aktuelt å vurdere stans i laksefiske i elvar med mykje stor laks frå grensa mot Sverige i sør til og med Trøndelag, og stans i sjølaksefiske på same strekning. Lenger nord er lakseinnsiget normalt seinare, og vurderingsgrunnlaget er førebels langt dårlegare der.
– Der det er risiko for alvorleg skade på laksebestandane kan det bli aktuelt å endre fiskereglane slik at laksefisket blir stansa. Dette kan skje på svært kort varsel. Blir det fiska for mykje kan vi få ein alvorleg knekk i produksjonen av lakseungar. Då blir det endå mindre å fiske på i framtida, og viss dette gjentek seg kan det føre til langvarig svikt i innsiget av laks, som eksempelvis i Tana, seier Ellen Hambro.