Testar ny felle mot pukkellaks i Tana
For å vere førebudd til neste års storinvasjon av pukkellaks i Tanaelva, blir det i sommar testa ei ny felle på ny stad.
– For å lykkast med å redusere mengdene av den skadelege framandarten pukkellaks i Nord-Noreg, er det viktig å klare å stoppe han i dei store elvane. Tanaelva i Aust-Finnmark er verdas kanskje viktigaste elv for den atlantiske villaksen, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Pukkellaksen er ein framand art i Noreg, som har teke seg hit frå Russland. Den kjem opp frå havet for å formeire seg i elvane i store tal berre annakvart år. Pukkellaksen døyr og rotnar etter å ha formeira seg.
Flyttar fella lenger opp i elva
På oppdrag frå Miljødirektoratet skal Veterinærinstituttet leie arbeidet med å utvikle ei felle som effektivt kan stoppe pukkellaksen i Tana i 2025, samtidig som atlantisk laks og andre lokale artar får passere fritt opp og ned i elva.
Medan det i fjor vart sett opp ei felle og eit leiegjerde der Tanaelva deler seg i to ved Seidaholmen, blir det i juni og juli i år berre nytta éi felle lenger opp i elva ved Tana bru. Eit leiegjerde med plaststikkar, som i 2023 vart brukt i det vestre løpet ved Seidaholmen, fungerte ikkje.
– I sommar vil vi i Tanaelva prøve ut ei pukkellaksfelle som er vidareutvikla etter den store pukkellaksinvasjonen i 2023. Vi vil sjå kor robust fella er på ny stad med sterkare straum og djupare vatn, og undersøkje kor mykje fisk som sym inn der fangstkammeret er tenkt å vere, seier seniorforskar Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.
Fangar ikkje fisken i år
Fella som blir prøvd ut i år vil dekkje omtrent 60 meter av den rundt 220 meter breie Tanaelva. Staden vart vald mellom anna fordi det er fastare elvebotn der enn i nedre del av Tanaelva. Fella blir plassert på det djupaste området midt i elveløpet, der lokale garnfiskarar forventar at mykje vanleg laks passarar.
– Det skal ikkje fangast fisk i fella vi prøver ut i Tanaelva i år. Fisken som passerer blir berre registrert ved hjelp av video og sonar, både for å sjå korleis gjerdet som skal leie fisken og sjølve felleinngangen fungerer, seier Roar Sandodden.
I år er det forventa lite eller ingen pukkellaks opp i elvane. Årets utprøving vil derfor først og fremst vere ein test av robustheita til utstyret, og om hypotesen om kvar den vanlege laksen passerer stemmer. Det er grunnen til at fella berre dekkjer ein del av breidda til elva no i sommar.
Vil skåne sårbare villaksbestandar
Viss testen blir vellykka, er planen å sperre av heile elva under den neste venta pukkellaksinvasjonen i 2025. Det vil då setjast inn fleire sorteringskammer i sperregjerdet, der pukkellaksen blir stoppa, medan vanleg laks, sjøaure og sjørøye blir sloppen gjennom eigne sluser.
– Målet er å fange mest mogleg oppvandrande pukkellaks i Tanaelva i 2025, samtidig som lokal fisk blir påverka minst mogleg. I Tana er det fleire sterkt reduserte og sårbare bestandar av laks som vi må ta omsyn til, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Miljødirektoratet er oppdragsgivar for test av ny pukkellaksefelle i Tanaelva sommaren 2024. Prosjektet blir leidd av Veterinærinstituttet. Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Mohn Technology AS er innleigd for å overvake fiskeåtferd i området ved fella ved hjelp av sonarar og videokamera.