Seier nei til forsøk med genmodifisert laks i naturen

Miljødirektoratet har avslått ein søknad frå Havforskingsinstituttet om å setje ut genmodifiserte laksar i feltforsøk i sjøen.

Publisert 29.05.2024

– Miljødirektoratet vurderer at det er fare for miljømessige skadeverknader, sjølv om sjansane for at dette kan skje er svært låg. Basert på ei samla vurdering av vilkåra i genteknologilova konkluderer vi med at desse ikkje er  oppfylte for denne forsøksutsetjinga, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Forskarar ved Havforskingsinstituttet har søkt Miljødirektoratet om forsøksutsetjing av genmodifisert laks. Eitt av måla med forskinga er å unngå at oppdrettslaks som rømmar påverkar genmaterialet til villaksen, slik rømd oppdrettslaks kan gjere i dag.

Etter erfaringa vår er dette første gong det blir søkt om utsetjing av genmodifiserte fisk i Europa.

Genteknologilova regulerer mellom anna framstilling og utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet. Lova krev grundige vurderingar, som skal tryggje miljø og helse før ei utsetjing. I tillegg skal det leggjast vekt på om utsetjinga er samfunnsnyttig og bidreg til berekraftig utvikling.

– Forsking og utviklinga av ein steril oppdrettslaks kan vere eit samfunnsnyttig formål, og på sikt bidra til berekraftig utvikling. Men for denne forsøksutsetjinga er det risiko for spreiing av sterilitet til villaksbestandar. Det er derfor ikkje mogleg å gi godkjenning etter regelverket, seier Miljødirektør Hambro.

Ifølgje Bioteknologirådets uttale kan denne forsøksutsetjinga vere samfunnsnyttig og bidra til å fremje berekraftig utvikling, men dei set som premiss at risiko av genetisk påverking av villaks blir unngått.

Moglege alvorlege konsekvensar for villaks

Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har på oppdrag frå Miljødirektoratet vurdert helse- og miljørisiko ved utsetjing.

Ifølgje VKM kan det ikkje utelukkast at nokon av forsøksfiskane er berarar av eit sterilitetsallel og dermed kan få avkom.

– Viss ein av dei genmodifiserte fiskane ikkje er sterile, kan ho likevel bere eigenskapen for sterilitet i arvematerialet sitt og overføre det til neste generasjon. Viss sterilitet blir spreidd frå genmodifisert laks som rømmer, viser VKMs berekningar at det kan ha alvorlege og irreversible konsekvensar for villaksen, seier Hambro.

VKM vurderte at sjølv om det er eit svært lågt sannsyn for dette, kan spreiing til ein villakspopulasjon finne stad sjølv med få forsøksfisk. I ein prognose viser dei at eigenskapane for sterilitet i verste fall kan førast vidare i fleire generasjonar av villaksbestandar.

Miljødirektoratet vurderer presset på villakspopulasjonar som stort, og mengda laks som kvart år kjem frå havet til Noreg er meir enn halvert sidan 1980-talet. Villaksen vart i 2021 ført opp på Norsk raudliste for artar, i kategorien nær trua.

Ikkje mogleg å redusere risiko av forsøket

Miljødirektoratet har vurdert om det er mogleg å redusere påvist risiko ved forsøksutsetjinga gjennom risikoreduserande tiltak. Eit risikoreduserande tiltak søkjar har oppgitt er å bruke doble merdar for å forhindre rømming. Ifølgje VKM gir ikkje doble merdar nødvendigvis nokon ekstra tryggleik mot rømming samanlikna med standard oppdrettsmerdar.

– Miljødirektoratet vurderer at søkjars foreslåtte risikoreduserande tiltak ikkje er tilstrekkelege for å forhindre rømming, og at desse derfor ikkje kan redusere risiko i tilstrekkeleg grad for dette forsøket, seier Hambro.

Lite kunnskap om andre økologiske effektar

VKM påpeikar at det ikkje er undersøkt om genmodifiseringa kan gi effektar på åtferda til fisken, sidan søkjar ikkje har utført forsøk for å studere dette i dei lukka forsøksanlegga sine. Det manglar derfor kunnskap om korleis dei genmodifiserte fiskane vil oppføre seg i miljøet.

– Lova stiller som krav at utsetjing som hovudregel berre skal kunne skje trinnvis. Miljødirektoratet vurderer at det ikkje er grunnlag for å gi unntak frå hovudregelen om trinnvis utsetjing i denne saka, seier Hambro.

Laksen i forsøket er genmodifisert ved hjelp av ein ny metode kalla genredigering. Det er gjort endringar i laksen sine eigne gen, utan å setje inn arvestoff frå andre organismar. Det finst ikkje ei tilpassa rettleiing for risikovurdering av genredigerte organismar  i dag. Det er no under utarbeiding i EU. Forskinga på genredigerte dyr er i ein tidleg fase, og det kan forventast mykje ny kunnskap på området.