25 millionar i tilskot til Friluftslivets år
2025 blir markert som Friluftslivets år. No blir det delt ut 25 millionar kroner for å auke friluftsinteressa i befolkninga.
– Friluftsliv har ein stor verdi for samfunnet fordi det bidreg til å skape heilskap, tryggleik og gode liv. Eg håpar Friluftslivets år blir eit høve kor fleire oppdagar kor fint det er å vere meir ute naturen, og at så mange som mogleg får gode opplevingar gjennom aktivitetar som passar for dei, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Tilskotsordninga skal forvaltast av Miljødirektoratet i samarbeid med Norsk Friluftsliv.
Satsar på friluftsliv
Det overordna målet for Friluftslivets år i 2025 er å halde oppe og helst auke deltakinga i friluftsliv i alle grupper i befolkninga. I samband med dette er det etablert ei eiga tilskotsordning med ei ramme på 25 millionar kroner som blir lyste ut no i 2024.
– Denne tilskotsordninga vil sikre økonomisk føreseielegheit slik at landsdekkjande organisasjonar kan planleggje og organisere større, koordinerte friluftslivssatsingar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Tilskotsordninga skal bidra til at måla for Friluftslivets år blir oppnådde, og til at det blir gjennomført ei nasjonal satsing med friluftslivsaktivitetar gjennom heile året i heile landet. Kven og kva tiltak som får midlar vil bli avgjort innan utgangen av september.
Friluftsglede for alle
Sentrale fokusområde for Friluftslivets år vil vere berekraftig friluftsliv, friluftsliv for alle, friluftsliv i nærmiljøet og verknaden ved friluftslivet på fysisk og psykisk helse. I tillegg skal året løfte fram det frivillige arbeidet i organisasjonane.
– Å gå på tur, fiske, plukke bær eller samlast til eit måltid i nærnaturen er populære, berekraftige aktivitetar som vi håpar det skal bli endå meir av, seier miljødirektøren.
Tilskotsordninga skal bidra til å auke friluftslivsinteressa i befolkninga, og gi dei som er lite fysisk aktive og i lita grad deltek i friluftsliv, moglegheita til å oppleve gledene ved friluftslivet.
Kven kan søkje om tilskot?
Dei som kan søkje er Friluftsrådenes landsforbund, sentralleddet i Norsk Friluftslivs medlemsorganisasjonar og sentralleddet i andre landsdekkjande, frivillige medlemsorganisasjonar som arbeider med å stimulere befolkninga til deltaking i friluftsliv.
Søknadsfrist:
Frist for å søkje om tilskot er onsdag 5. juni 2024.
Korleis søkje:
Det skal søkjast gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Søknadsskjema er ikkje ope enno, men vil bli lagt ut i søknadssenteret om kort tid.
Her finn du søknadsskjema:
Tilsegn om midlar i 2024
Det vil bli gitt tilsegn om midlar i 2024. Midlane vil bli utbetalte og tiltaka må gjennomførast i 2025.
Les meir om Friluftslivets år på nettsidene til Norsk Friluftsliv: