34 millionar kroner til opprydding av marin forsøpling

Miljødirektoratet gir i år tilskot til 28 prosjekt som skal førebyggje og redusere marin forsøpling.

Publisert 14.03.2024

– Søppel i havet er ei stor miljøutfordring som vi arbeider med å få bukt med nasjonalt og internasjonalt. Den frivillige innsatsen er kjempeviktig, og eg er glad for at det er mange som ønskjer å vere med på å rydde opp og førebyggje marin forsøpling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Miljødirektoratet har prioritert å gi tilskot til store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak. Med søknader til prosjekt over heile landet har direktoratet også jobba for å sikre god geografisk fordeling av midlane. Det har også vore viktig å gi støtte til prosjekt som legg til rette for det frivillige. 

– Vi har i det siste sett mange døme på korleis plasten er skadeleg for dyrelivet i havet og langs kysten. Det er viktig å fjerne plasten frå naturen for å unngå at han blir brote ned til mikroplast. Miljødirektoratet er glad for å kunne tildele midlar til eit så viktig formål, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Stor interesse for å førebyggje og rydde marin forsøpling

Direktoratet fekk inn totalt 62 søknader om totalt 80,4 millionar kroner, og har fordelt 34 millionar  på 28 prosjekt i 2024 og 2025. I tillegg blir det utbetalt 7,7 millionar som i fjor vart tildelt fleirårige prosjekt.

– Det er positivt at engasjementet er så stort, og at mange vil bidra i arbeidet mot marin forsøpling. Oppryddinga som midlane bidreg til gjer ein forskjell for havet, naturen og dyrelivet, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Over 2 000 tonn plast og anna forsøpling registrert rydda i fjor 

I 2023 vart det registrert 6 003 ryddeaksjonar og over 2 000 tonn rydda marin forsøpling, ifølgje Ryddestatus Norge.

Miljødirektoratet samlar nasjonale ryddedata gjennom ryddeverktøya Rent hav og Rydde. Alle som får støtte frå tilskotsordninga, skal registrere detaljar om ryddeaksjonane sine i ryddeverksstøyane. 

Tidlegare var det Senter mot marin forsøpling som administrerte tilskotsordninga for opprydding av marin forsøpling. Senteret vart frå 1. januar 2024 ein del av Miljødirektoratet.