Esso manglar dokumentasjon på avansert biodrivstoff

Esso har ikkje dokumentert at biodrivstoff dei selde i 2022 var avansert biodrivstoff. Miljødirektoratet undersøkjer om fleire har gjort same feil.

Publisert 19.03.2024

- Vi har i ein kontroll av omsetningskrava for biodrivstoff avdekt at Esso har feilklassifisert biodrivstoff laga av dyrefeitt frå USA som avansert. Bruk av dyrefeitt som ikkje er avansert kan gi auka globale utslepp og tap av natur, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. 

Krava til omsetning av biodrivstoff har delkrav om sal av avansert biodrivstoff. Avansert biodrivstoff tel dobbelt. Aktørane må kunne dokumentere at biodrivstoffet er laga av avansert råstoff. Miljødirektoratets kontroll viser at Esso ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på at biodrivstoffet er avansert.  

Mangelfull dokumentasjon 

Det finst tre kategoriar av dyrefeitt som blir brukt til biodrivstoffproduksjon. Berre biodrivstoff laga av kategori 1 og 2 blir rekna som avansert biodrivstoff. Biodrivstoff laga av kategori 3 blir rekna som konvensjonelt, fordi råstoffet kan brukast til andre meir høgverdige formål, som dyrefôr.  

Esso rapporterte inn det kontrollerte partiet som avansert biodrivstoff av dyrefeitt kategori 1 og 2 med opphav frå USA. Selskapet har lagt fram dokumentasjon for Miljødirektoratet gjennom PwC Norge og ein amerikansk drivstoffprodusent.  

Dokumentasjonen beskriv likevel ikkje korleis produsenten og råstoffleverandørane deira skil mellom ulike typar dyrefeitt, slik regelverket krev. Fordi det er uklart kva type dyrefeitt det aktuelle partiet biodrivstoff er laga av, må det reknast som konvensjonelt biodrivstoff.   

Potensielt stort omfang 

Norske omsetjarar har i perioden 2017-2022 rapportert om sal av 950 millionar liter avansert biodrivstoff basert på dyrefeitt frå USA. Dette utgjer ca. 50 prosent av alt biodrivstoff som er rapportert som avansert og ca. 30 prosent av alt biodrivstoff som er selt i Noreg i same periode. Vi har grunn til å tru at denne typen biodrivstoff også er selde i 2023 og 2024. 

Felles for desse partia av biodrivstoff importerte frå USA, er at aktørane ikkje har brukt sertifiseringsordningar godkjent av EU-kommisjonen for å dokumentere at dei oppfyller krava i produktforskrifta. Då må aktørane sjølv sørgje for å dokumentere at krava er oppfylte.  

Miljødirektoratet gjer risikobaserte tilsyn og vil no gå gjennom parti med denne typen biodrivstoff, også tilbake tid. Vi vil be relevante aktørar om underliggjande dokumentasjon på parti med biodrivstoff av dyrefeitt frå USA der det ikkje er brukt EU-godkjende sertifiseringsordningar.  

- Vi mistenkjer at feilen er bransjeomfattande og jobbar med å få oversikt over omfanget. Aktørar som kjøper denne typen biodrivstoff, må forsikre seg om at det er tilstrekkeleg dokumenterte at det dei kjøpar kan definerast som avansert biodrivstoff, seier Hambro.  

Forslag om endra regelverk 

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet (KLD) vurderer Miljødirektoratet regelverksendringar som kan redusere risikoen for brot på berekraftskriteria. Ei mogleg endring er at berre EU-godkjende sertifiseringssystem kan nyttast for å dokumentere at berekraftskriteria er oppfylte.  

Forslaget er sendt på ein innspelsrunde hos ramma aktørar, og det vil også bli høyrt i ei offentleg høyring før det eventuelt politisk blir vedteke å bli gjort endringar.