Mykje feil faremerking av kjemikaliar kjøpt på nett
65 prosent av kjemikaliane Miljødirektoratet handla i 23 nettbutikkar hadde feil og manglar ved faremerkinga på etikettane og emballasje.
Den vanlegaste feilen var at merkinga på etiketten ikkje var på norsk.
– Dårleg eller manglande faremerking og emballering aukar risikoen for at forbrukarar ikkje er klare over farane desse kjemikaliane utgjer for dei – spesielt for barna. Dei som sel slike kjemikaliar har ansvar for å kontrollere faremerkinga og sørgje for lovlege kjemikaliar på marknaden, seier seksjonsleiar Gro Hagen i varetilsynsseksjonen i Miljødirektoratet.
Duftoljer, reingjeringsmiddel, lim, målingsfjernarar og hushaldskjemikaliar er døme på kjemikaliar vi kontrollerte i nettbutikkar som marknadsfører produkta sine på den norske marknaden. Vi kontrollerte 68 kjemikaliar frå 23 ulike nettbutikkar.
Faremerka kjemikaliar kan vere farleg å svelgje eller få i auga, gi allergisk hudreaksjon og irritere luftvegane.
Mest feil på duftoljer
Om lag halvparten av dei kontrollerte kjemikaliane var duftoljer. Dei fleste mangla norsk språk på etiketten.
Etiketten skal vere på sida av flaska slik at det skal kunne lesast når flaska står slik ho er tiltenkt. Fleire hadde etikett plassert under flaska. Nokre av duftoljene mangla også etikett på sjølve flaska.
– Forbrukarar bør vere klare over risikoen dei tek når dei kjøper duftoljer utan rett faremerking, seier Gro Hagen i Miljødirektoratet.
To av duftoljene hadde ueigna emballasje. Det lak innhald ut av behaldaren via korken.
Nettbutikkane manglar fareinformasjon
21 av dei 23 kontrollerte nettbutikkane mangla informasjon i nettbutikken om dei farlege eigenskapane ved kjemikaliane dei sel.
Ein privatperson som kjøper faremerket kjemikaliar i nettbutikkar, skal sjå kva type farar som er angitt på etiketten. Formålet er at forbrukarane skal få tilstrekkeleg informasjon om dei farlege eigenskapane før eit eventuelt kjøp.
– Vi halde fram med å kontrollere faremerka kjemikaliar . Det er viktig å understreke at verksemdene må ta ansvar for å kontrollere kjemikaliar og sørgje for at dei har rett faremerking, seier Gro Hagen.