No skal vi kjeldesortere meir på jobben

Frå 1. januar 2025 skal vi kjeldesortere fleire typar avfall, også på jobben.

Publisert 13.11.2024

– Fleire andre land i Europa har allereie nådd avfallsmåla til EU, men Noreg har ein lang veg å gå. For at Noreg skal klare å materialattvinne ein større del av avfallet vårt, må vi kjeldesortere meir, og fleire typar avfall. Dette gjeld anten vi er heime, på jobben eller på hytta, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dei nye krava gjeld papp- og papiravfall, glas- og metallemballasje og tekstilavfall. Allereie no er det krav til kjeldesortering av matavfall, plastavfall og park- og hageavfall.   

Mange bedrifter veit ikkje at dei er omfatta av krava

Alle kommunar og verksemder som produserer hushaldsliknande avfall, er omfatta av desse krava og skal leggje til rette for kjeldesortering.

Hushaldsliknande næringsavfall er avfall ein kastar på jobben som liknar på det vi kastar heime, til dømes bananskal, makrell-i-tomat-boksar eller annan emballasje av plast, glas eller papp.

Særleg kravet om utsortering av tekstilavfall og glas- og metallemballasje vil medføre behov for nye sorterings- og innsamlingsløysingar for ein del verksemder. Det er berre nødvendig å sørgje for utsortering av det avfallet som oppstår i verksemda.

Om det til dømes er vanleg at det oppstår avfall i form av glas- og metallemballasje i verksemda, men ikkje tekstilavfall, er det berre behov for å sørgje for utsortering av glas og metall.

Miljødirektoratet vil føre tilsyn med både kommunar og verksemder for å sikre at eksisterande og nye utsorteringskrav blir overhalde.

Formålet med dei nye krava er å auke materialattvinningsgrada for hushaldsavfall og liknande næringsavfall i Noreg. Dette er viktig for å bidra til å nå klimamåla, redusere belastninga på miljøet og bidra til ein meir sirkulær økonomi.

Verksemder som er usikre på korleis dei skal forhalda seg til krava, blir oppmoda til å høyre med avfallsselskapa sine.

Noreg når ikkje materialattvinningsmål for 2025

Noreg er forplikta gjennom EØS-avtalen til å nå EU sine målkrav for materialattvinning. I 2022 låg Noreg dårleg an til å nå EUs materialgjenvinningsmål for 2025, som er på 55 prosent. Dette kom fram i ein ny rapport som er publisert av Eftas overvakingsorgan (Esa).

Låg utsorteringsgrad av bio-, plast- og tekstilavfall vart utpeika som hovudgrunnen til dette. Betre ordningar for utsortering av desse avfallstypane, spesielt for hushaldsliknande næringsavfall, er eit av tiltaka som Esa foreslår i rapporten.

Fleire EU-land, inkludert Sverige, risikerer også å ikkje nå målet, medan land som Tyskland, Austerrike, Belgia og Nederland har allereie nådd avfallsmåla for 2025.

– For at Noreg skal nå avfallsmåla til EU, må både kommunar og næringsliv sørgje for utsortering av fleire typar avfall, og sende det til førebuing til ombruk og materialattvinning. Dette er eit steg i rett retning mot omstillinga til ein sirkulær økonomi, seier miljødirektør Ellen Hambro.

For kvar kilo plast som blir materialattvunne, sparer vi miljøet for 2,4 kilo CO2

Auka materialattvinning og førebuing til ombruk, hjelper oss å utnytte ressursane våre lengre og betre, og er ein viktig del av omstillinga til ein sirkulær økonomi.

God kjeldesortering kan også lønne seg økonomisk for verksemder. Restavfall er vanlegvis dyrare å bli kvitt, enn til dømes metall, papp- og papiravfall, og enkelte typar plastavfall.

Rett kjeldesortering er også eit synleg tiltak i berekraftsarbeidet hos bedriftene, og kan bidra til eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette og for omdømmet til bedrifta.

Relevante lenkjer