Nye felletestar gir håp om å stoppe pukkellaks i Tana

Test av pukkellakssperre i Tanaelva har gitt positive svar for å kunne stoppe invasjon av pukkellaks i ei av dei viktigaste lakseelvane i verda.

Publisert 25.11.2024

– Eg har tru på at vi i 2025 skal klare å fange pukkellaksen i Tanaelva med fella vi set opp, og samtidig få dei lokale fiskeartane trygt forbi, seier Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.

Pukkellaksen kjem annakvart år i stort tal til elvar i Finnmark, og sommaren 2025 er venta ein ny storinvasjon av den skadelege framande fiskearten. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Veterinærinstituttet brukt sommaren og hausten til å finne ein godt eigna stad å setje opp ei sperre i Tanaelva, for å stoppe pukkellaksen neste sommar. No har Veterinærinstituttet levert ein rapport som samanfattar testane i sommar av pukkellakssperrer.

– Det er mange omsyn å ta når vi og dei lokale samarbeidspartnarane våre skal velje kvar ei felle for å stoppe pukkellaksen i Tana neste år bør stå. Fella må vere så langt ned i elva som mogleg for å hindre at pukkellaksen formeirar seg nedanfor sperra. I tillegg må botnforhold, vassføring og straumfart vere slik at fella er trygg å setje opp og drifte, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Lykkast på andre forsøk

Veterinærinstituttet byrja i første del av sommaren å setje opp ei lita testsperre like nedanfor Tana bru. Arbeidet vart avslutta før sperregjerdet var tett, fordi vasstraumen viste seg å bli for sterk. Det vart derfor bygd ei ny testfelle fire kilometer lengre ned i elva ved Seida, der vassfarten er lågare. 

Tanaelva er omtrent 350 meter brei ved Seida. Sperra Veterinærinstituttet har testa dekte dei 30 djupaste meterane av elva, der det blir vurdert å vere mest krevjande forhold. Testen viste at ei sperre kan stå støtt under dei fleste sannsynlege forhold.

- Håpar på betre resultat enn i 2023

For å stoppe auken i talet på pukkellaks i norske elvar er det svært viktig å også lykkast i dei store og mest kompliserte elvane. Tanaelva er ei av dei største lakseelvane i verda, og er i stand til å produsere enorme mengder pukkellaks.

– Tanaelva er ei av dei viktigaste elvane i verda for den atlantiske villaksen vår, som pukkellaksen utgjer ein trussel mot. Elva er over to kilometer brei på det breiaste, og har svært krevjande forhold for å stoppe pukkellaksen. Sjølv om vi framleis er i ein test- og utviklingsfase håpar vi på betre resultat enn ved førre pukkellaksinvasjon i 2023, då mange pukkellaks slapp forbi fella i Tana, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ny og forbetra felle

2023 var den første sommaren Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet gjorde forsøk på å stoppe pukkellaksen i Tanaelva, ved Seidaholmen som deler Tanaelva i to elveløp. Det vart då bygget eit leiegjerde i det eine elveløpet, som skulle leie laksen over til fella i det andre elveløpet. Leiegjerdet fungerte ikkje etter hensikta, og mange pukkellaks kom seg forbi. I 2025 er planen å endre sperra basert på erfaringane frå 2023, og frå testinga no i sommar.

– I 2023 hadde vi berre eitt fangstkammer i sperra, og opplevde då at plasseringa av fangstkammeret ikkje var optimal. Noko av årsaka kan vere at vassføringa i Tana var lågare enn normalt sommaren 2023, og fisken vandra ikkje mot fella slik vi hadde forventa.  Vi planlegg å ha minst tre felleinngangar med fangstkammer i 2025, seier Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.

Det vil også bli montert minst tre opningar i sperregjerdet for fisk som er på veg ut i havet, slik at dei får endå betre høve til å passere fella uhindra.

Han fortel at utforminga av fangstkammera i pukkellaksfella i Tana vil bli justert på bakgrunn av erfaringane frå 2023, mellom anna slik at det strøymer meir vatn gjennom fangstopninga, som kan gjere det lettare og meir attraktivt for fisken å vandre opp i fella.

– Med dei justeringane som det no blir arbeidd med trur vi at vi klarer å ta mesteparten av pukkellaksen som vandrar opp i Tana til neste år, og med det snu utviklinga vi har sett til no, seier Sandodden.