Nye tal for opptak og utslepp frå areal i kommunar

Skogens opptak og lagring av klimagassar i Noreg er redusert. Samtidig aukar klimagassutsleppa frå andre areal.

Publisert 24.10.2024

– Når vi ser at areala våre tek opp mindre klimagassar og samtidig slepper ut meir, betyr det at vi går i heilt feil retning, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har oppdatert klimagassrekneskapen for kommunar og fylke for skog- og arealbrukssektoren, i samarbeid med Nibio. Rekneskapen viser korleis vi menneske bruker og byggjer ned areal, og korleis dette har påverka utslepp og opptak av klimagassar i periodane 2011-2015 og 2016-2020.

Bygging på karbonrike areal gir meir utslepp

Skog og arealbruk har eit høgt årleg opptak av klimagassar på nasjonalt nivå, men trenden er går likevel nedover. Opptaket har auka fram til 2009, hovudsakleg på grunn av storstilt skogplanting og aktiv skogforvaltning etter andre verdskrig. Skogen tek no opp mindre klimagassar enn før, særleg på grunn av auka hogst og tre som døyr naturleg.

Dei andre arealbrukskategoriane, som dyrka mark og utbygd areal, har klimagassutslepp som har auka over tid. Dei største utsleppa er særleg knytt til dyrking på tidlegare myrar og nedbygging av skog og myr.

Bygging i skogareal, det vil seie avskoging, stod for eit årleg utslepp på over 2,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2016-2020, og utgjorde med dette den største kjelda til klimagassutslepp frå areala våre. Avskoging reduserer samtidig framtidig opptak av klimagassar i skog.

Kommunen har ei nøkkelrolle i å kutte utslepp frå arealbruksendring

Som forvaltar av plan- og bygningslova, legg kommunane føringar for arealbruken for 83 prosent av Noregs areal. Arealplanlegginga i kommunen er dermed avgjerande for at Noreg skal kunne redusere utsleppa i skog- og arealbrukssektoren mot 2030.

I dei Nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging for perioden 2023-2027, er det også gitt ei tydeleg forventning om at ein skal unngå å omdisponere og byggje ned karbonrike areal så langt som mogleg, slik at evna areala har til lagring og opptak av karbon blir halden oppe.

–  Klimagassrekneskapen er difor eit viktig verktøy for kommunane i deira arbeid med å prioritere arealbruk. Redusert nedbygging av karbonrike areal kan gi store utsleppskutt og samtidig vere positivt for naturmangfald og landbruk, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Miljødirektoratet har også på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet levert eit forslag om lov og forskriftsendring om forbod mot nedbygging av myr.

Relevante lenkjer