Nye utgreiingskrav skal førebygge naturtap

Miljødirektoratet foreslår å skjerpe krava til konsekvensutgreiingar av miljø, og vil opne for kontroll av utgreiingane til utbyggarane.

Publisert 16.10.2024

Les saken på bokmål

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har Miljødirektoratet utarbeidd forslag til endringar i forskrift om konsekvensutgreiingar. Målet er å sikre samsvar med EUs regelverk for konsekvensutgreiingar og bidra til betre og uavhengige utgreiingar av miljø.

– Vi ser alt for mange tilfelle av at naturområde blir bygde ned, utan at dei som tek avgjerder veit korleis det vil påverke naturmangfald og klima. Derfor meiner vi det er nødvendig å stramme inn reglane for å greie ut miljøkonsekvensar når ein planlegg inngrep i naturen, og sikre at avgjerdstakarane har kunnskapen dei treng. Betre kunnskap kan bidra til å førebygge øydelegging av naturen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Fleire utfordringar med dagens utgreiingar

Dei siste åra har rapportar frå mellom anna Multiconsult, Salt og Holth og Winge avdekt store manglar i utgreiingar av miljøkonsekvensar. Dette fører til at konsekvensane av utbyggingsprosjekt ikkje blir synlege for avgjerdstakarane, og at mangelfulle utgreiingar verken blir oppdaga eller sanksjonerte.

Konsekvensutgreiingar skal avdekkje kva konsekvensar planlagde utbyggingsprosjekt vil få for ulike miljøinteresser. Reglane for dette finst i forskrift om konsekvensutgreiingar, som gjennomfører direktivet til EØS-avtalen om miljøkonsekvensutgreiingar.

Kven som er konsekvensutgreiingsyndigheit (KU-styresmakt) varierer med ulike prosjekt. Som regel er kommunane KU-styresmakt for kommunale arealplanar, men også statlege etatar kan vere KU-styresmakt der dei er ansvarlege for den aktuelle utbygginga.

Miljødirektoratet har no levert forslaget sitt til endringar i forskrifta, som inneber ei skjerping av praksis og ein del nye krav.

Foreslår krav om utgreiing av oppdrettsanlegg og hyttefelt

Ei av dei viktigaste endringane Miljødirektoratet foreslår, er at KU-styresmakta skal setje tydelegare krav til innhald i utgreiingane i eit plan- og utgreiingsprogram, slik at forslagsstillarar ikkje sjølv kan definere kva dei ønskjer å greie ut. Dette er heilt sentralt for å sikre at kunnskapen som blir innhenta er dekkjande for behovet.  

Miljødirektoratet foreslår også at KU-styresmaktene skal ha høve til å krevje at eit uavhengig firma kontrollerer konsekvensutgreiingar i dei største sakene. Dette liknar på eksisterande ordning for uavhengig kontroll i byggesaker.

I tillegg foreslår Miljødirektoratet å setje akvakulturanlegg på land, i ferskvatn og dei største sjøanlegga, på lista over prosjekt som gir plikt til utgreiing av miljøkonsekvensar. Det same gjeld bustad- og fritidsbustadprosjekt over 50 dekar.

Dette er prosjekt som krev store areal  og som kan ha vesentleg påverking på naturverdiane, noko som gjer at avgjerdstakarane bør ha tilstrekkeleg kunnskap om konsekvensane når dei gjer vedtaka sine.

Direktoratet foreslår også fleire andre endringar for å gjere forskriftene tydelegare og enklare å bruke.

Nedbygging truar naturmangfaldet

Nedbygging av natur er den største trusselen for naturmangfald både globalt og i Noreg. Det er også ei stor kjelde til klimagassutslepp.

– Vi skal bygge i framtida òg, men vi bør unngå å bygge i den viktigaste naturen og dei mest karbonrike areala. For å finne dei rette stadene å bygge, treng vi god kunnskap om naturen, og om kva konsekvensar eventuelle utbyggingar vil få, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Konsekvensutgreiingar skal gi avgjerdstakarane god kunnskap før dei gjer vedtak, og sikre at ein kan ta miljøomsyn så tidleg som mogleg.

Sjå status for trua natur i Noreg her:

Sjå rettleiing til dagens forskrift om konsekvensutgreiingar:

Skal behandlast politisk

Miljødirektoratets forslag til endra forskrift er sendt til Klima og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Det blir no opp til departementa å avgjere om dei vil leggje forslaget til ny forskrift ut på høyring, eller om dei vil gjere endringar i Miljødirektoratets forslag.