Foreslår forbod mot 97 framande skadelege plantar

Miljødirektoratet foreslår forbod mot innførsel, omsetjing og utsetjing av 97 framande plantar som skader norsk natur.

Publisert 25.09.2024

–  Etter FNs naturavtale skal landa jobbe for å avgrense skadane frå spreiing av framande organismar. Skaden som ein del framande planteartar utgjer i norsk natur har fått aukande merksemd dei siste 10 åra. Det er ei anna forståing for problemet no enn det var tidlegare, både i forvaltninga og elles i samfunnet, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.  

Artsdatabanken presenterte i fjor ei ny framandartliste, med oppdaterte vurderingar av risikoen som både nye og meir etablerte framande skadelege artar utgjer for norsk natur. I alt 295 framande landslevande artar på Noregs fastland er vurderte til å utgjere svært høg eller høg økologisk risiko. Av desse er 192 plantar.

Syrin og kjend klatreplante blir foreslått forbode

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet no foreslått å forby 97 framande skadelege planteartar. Forslaget inneber ei oppdatering av forskrift om framande organismar for å styrkje innsatsen mot framande artar som kan skade naturmangfaldet. Det er no sendt på høyring, og Miljødirektoratet ber om innspel som ytterlegare klargjer både positive og negative konsekvensar av forslaget. 

Forslaget er at det skal bli forbode å innføre dei skadelege plantane til Noreg, å selje eller gi dei bort og å plante dei ut. Mange er plantar som framleis blir brukte som prydplantar i hagar og grøntanlegg, slik som den velkjende syrinen Syringa vulgaris eller klatreplanten villvin.

–  Syrin utgjer med dei førekomstane som finst i dag eit stort problem, særleg i Oslofjordområdet. Ved å forby innførsel, omsetjing og utsetjing av syrin og fleire andre framande skadelege planteartar ønskjer vi å forhindre ytterlegare spreiing, og redusere framtidige nedkjempingskostnader for samfunnet, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ikkje tilbakeverkande kraft

Forbodet er ikkje foreslått å ha tilbakeverkande kraft. Det vil seie at dei som har desse plantane i hagen frå før kan behalde dei, men ikkje dele dei med andre, setje ut eller kaste dei i naturen, slik at dei kan spreie seg.

Problemet med dei framande skadelege planteartane er at dei utkonkurrerer plantar som høyrer heime i norsk natur, og som er viktige for mellom anna insekt og anna naturmangfald. Rundt 200 framande skadelege artar som allereie har etablert seg i trua naturtypar i Noreg, påverkar ifølgje Artsdatabanken desse naturtypane negativt. Syrin til dømes, dannar tette kratt som gjer det vanskeleg for andre plantar å sameksistere. Den kan fortrengje kritisk trua artar som dvergtistel, solrose, fargemyske, smaltimian og den sårbare arten drakehovud, som er ein prioritert art etter naturmangfaldlova.

–  Nytta overgår kostnaden

Framande skadelege artar er ein av dei fem største truslane i verda mot naturmangfald, og plantar utgjer omtrent ein tredel av dei problematiske framandartane. Ein analyse frå 2013 reknar med at framande skadelege artar kostar samfunnet 1,4 - 3,9 milliardar kroner årleg. 

–  Når vi foreslår at nesten hundre framande skadelege planteartar skal bli forbodne vil det påverke utvalet av plantar for næring og forbrukarar, så eit forbod har ein kostnad for samfunnet. Samtidig har vi vurdert at nytta for samfunnet gjennom mindre behov for kamp mot framandartane og gjenoppbygging av natur overgår den kostnaden, seier Ellen Hambro.

Alternativ til plantane som blir forbodne

Miljødirektoratet har i forslaget teke omsyn til om det finst andre og mindre skadelege plantar, som kan fylle same eller liknande funksjon som dei foreslåtte forbodne plantane. Det finst til dømes sju andre syrinartar i handel, som truleg kan nyttast i staden for Syringa vulgaris. Desse andre syrinartane foreslår Miljødirektoratet ikkje å forby.