Ozonholet har oppført seg uvanleg fjerde året på rad

Ozonholet over Antarktis utvikla seg uvanleg tidleg i 2023, og blei eit av dei lengst varige hola som nokon gong har vorte observert.

Publisert 16.09.2024

– Gjennom mange år med overvaking har vi fått mykje kunnskap om ozonlaget og har estimat på når det vil byggjast opp att. Likevel treng vi auka forståing av koplinga mellom ozonlaget og klimaendringar, og i kva grad skogbrannar, vulkanutbrot og andre forhold kan påverke ozonlaget, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ozonholet over Antarktis pleier som regel å utvikle seg frå midten av august, for så å bli lukka igjen mot slutten av november. Men i 2023 starta utvidinga av ozonholet fleire dagar tidlegare enn forventa, og holet lukka seg også seinare enn normalt.

Ozonholet 2023 vart eit av dei største som nokon gong har vorte observert i midten av september, og også eit av dei lengst varige hola nokon gong har vorte registrert.

Det viser data frå Copernicus Atmosphere Monitoring Service (Cams).

Spesiell utvikling dei siste fire åra

Sidan 2020 har ozonholet over Antarktis lukka seg seinare enn normalt, og holet har vore stort og vart lenge.

Når vi seier at ozonholet "blir lukka", meiner vi ikkje at det er eit hol som blir lukka bokstaveleg talt, men at mengda av gassen ozon over Antarktis overstig den kritiske grensa på 220 Dobson Units (sjå faktaboks). Når ozonverdiane er under 220 Dobson Units, blir det kalla eit ozonhol.

Når ozonholet finn stad over Antarktis, er UV-strålinga meir intens. For mykje UV-stråling kan gjere oss solbrent, auke risikoen for hudkreft og infeksjonssjukdommar, svekkje immunsystemet og føre til skade på plantar og dyr.

Viktig å følgje med på utviklinga i ozonlaget

Montrealprotokollen er ein internasjonal avtale som har bidrege stort til at ozonlaget no er i ferd med å friskne til gjennom å forby produksjon og bruk av ozonøydeleggjande stoff.

Likevel finst det andre faktorar som potensielt kan påverke evna ozonlaget har til å verne oss mot UV-stråling. Skogbrannar, vulkanutbrot og klimaendringar, er alle faktorar som verda ikkje kan kontrollere gjennom Montrealprotollen, men som likevel kan påverke ozonlaget og som det er viktig at vi følgjer med på.

– Klimaendringar og andre ytre faktorar kan påverke ozonlaget. Så sjølv om ozonlaget er i ferd med å friskne til, må vi framleis følgje med på kva som skjer med klimaendringane og i atmosfæren, seier miljødirektør Ellen Hambro.  

Klimaendringar og vulkanutbrot kan vere årsaker

Ifølgje ein ny rapport frå det norske klima- og miljøinstituttet Nilu, peikar forskarar på at vulkanutbrot og kraftige skogbrannar kan vere medverkande årsak til dei store ozonhola over Antarktis dei siste fire åra. Frå både skogbrannar og vulkanutbrot kan store mengder partiklar verte transportert opp i stratosfæren, noko som kan bidra til nedbryting av ozon.

I tillegg peikar forskarar på forhold relatert til endring i polarvirvelen, vindmønster på den sørlege halvkule og klimaendringar, som moglege årsaker til utviklinga i ozonholet dei siste åra. 

Det er behov for meir forsking for å forstå årsaka bak utviklinga av ozonholet dei siste åra.

– Målingar av ozon og ultrafiolett stråling (UV-stråling) frå dei siste fire åra demonstrerer at utviklinga av ozonholet over Antarktis framleis er eit aktuelt tema heile 40 år etter at menneske oppdaga "holet", og trass i den globale innsatsen med å forby produksjon og bruk av ozonøydeleggjande stoff, seier Tove Svendby, seniorforskar i Nilu.

Likevel positive nyheiter for ozonlaget

Ein studie nyleg publisert i tidsskriftet Nature, slår fast at mengda av dei ozonøydeleggjande gassane hydroklorfluorkarbon (HKFK-er) i atmosfæren for første gong har gått mykje ned. Mengda HKFK-er var på topp i 2021, og har sidan vorte redusert. Konsentrasjonen er no på eit nivå som er fem år tidlegare enn forventa. Dermed kan holet i ozonlaget truleg bli tetta raskare enn opphavleg estimert.

HKFK-er er kraftige klimagassar. Ein nedgang i konsentrasjonen av HKFK-er i atmosfæren er dermed viktig også for å redusere global oppvarming.

Det er også andre gode nyheiter. Den mest oppdaterte og omfattande vitskaplege rapporten om ozonlaget, Scientific Assessment of the Ozone Layer Depletion 2022, reknar med at nedgangen i ozonøydeleggjande stoff har spart menneskeslekta for millionar ekstra tilfelle av hudkreft. Det er takka vere det internasjonale arbeidet gjennom Wienkonvensjonen og  tilhøyrande arbeid gjennom Montrealprotokollen.

Rapporten melder også at verda vil spare 0,5-1,0 grader global oppvarming innan midten av  det 21. århundret, som følgje av etterleving av føresegnene i Montrealprotokollen.