86 kommunar og fylke vil ha Klimasats-støtte

Kommunar og fylkeskommunar i alle landsdelar har i 2025 søkt om 298 millionar kroner til lokale klimatiltak. Sjå kva kommunen din har søkt om.

Publisert 09.04.2025

Klimasats er ei støtteordning som hjelper kommunar med å kutte klimagassutslepp. Sidan 2016 har ordninga utløyst over 2200 prosjekt i alle fylka i landet.  

I 2025 er utsleppsfrie maskiner og køyretøy, klimavennlege byggjemateriale, ombruk og gjenbruk høgt på lista over tiltak kommunane ønskjer å gjennomføre. 

- Kommunane speler ei viktig rolle i å redusere klimagassutslepp og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at kommunane kan halde fram med å bidra gjennom dei lokale klimaprosjekta sine. Klimasats har vore viktig både for å få kommunane i gang med klimaarbeidet, og for å støtte kommunane som vil gå føre og finne nye løysingar for å få ned klimagassutsleppa.  Eg er glad for at så mange kommunar har søkt om støtte i år, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

Stor konkurranse om pengane 

Det er stor konkurranse om Klimasats-potten i år, som er på 108,1 millionar kroner. I ein avgrensa søknadsrunde tidlegare i år fordelte Miljødirektoratet 8,1 millionar til sju prosjekt. Då fekk vi 38 søknader frå 33 ulike kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre om støtte for totalt 44,2 millionar kroner. 

Søknadsfristen for andre runde, med 100 millionar i potten, var 1. april. I denne runden har 74 kommunar og fylke sendt 185 søknader for totalt 253,6 millionar kroner.  

Til saman har vi i 2025 fått 223 søknader frå 86 ulike kommunar og fylkeskommunar for totalt 298 millionar kroner. Søknadene kjem frå alle fylka i landet, unnateke Troms, og dessutan Longyearbyen lokalstyre. 

Meir informasjon om søknadene? 

Vi oppmodar media og andre til å først kontakte søkjarkommunen for meir informasjon om kvart enkelt prosjekt. Søknadene kan også fåast ved å kontakte Miljødirektoratet.  

Dette vil kommunane gjere 

Her er Klimasats-søknadene i år fordelt på ulike kategoriar av tiltak. 

Type tiltak Antall søknader Sum søkt
Klimavennleg transportplanlegging 14 9 868 100
Forprosjekter for klimagassreduserande tiltak 21 5 618 975
Transporttiltak 6 21 686 502
Meirkostnader i konkrete anskaffingar (unnateke maskiner og bygg/byggjeplass)  18 24 047 868
Meirkostnader utsleppsfrie maskiner 19 40 263 999
Meirkostnader i bygg og anlegg (inkluderer utsleppsfrie byggjeplassar) 39 87 051 688
Kartleggje moglege klimatiltak tidleg i bygg, og anleggsarbeid 21 6 035 000
Generell søknad, bl.a. energi, sirkulær, landbruk 85 103 261 183
Totalsum 223 297 833 315

 

Kategoriane i tabellen dekkjer fleire ulike typar tiltak. Ein førebels gjennomgang av søknadsbunken tyder på at klimavennlege byggjemateriale, tidleg kartlegging av klimatiltak i ulike prosjekt og utsleppsfrie maskiner og køyretøy er prosjekttypane med flest søknader. 

Mange søkjer også om støtte til sirkulærøkonomi-tiltak, transportplanlegging, energiomlegging og klimaleiing, nettverk og næringslivssamarbeid. Mobilitet og reisevanar, varedistribusjon og tungtransport, masseforvaltning, renovasjon og biogass er andre døme.  

- Viktigare enn mange er klar over  

Miljødirektør Hilde Singsaas er glad for å sjå at mange kommunar bruker moglegheitene som Klimasats-ordninga gir. 

- Kommunane har ei svært viktig rolle i klimaarbeidet, og kanskje viktigare enn mange er klare over. Dei har utslepp frå eiga drift, men er vel så viktige i rollene som planstyresmakt og samfunnsutviklar. Som pådrivar, koordinator og tilretteleggjar for at innbyggjarar og næringsliv kan kutte utsleppa sine, kan kommunen bidra til store utsleppskutt. Og eventuell mangel på handling frå kommunane blir ein barriere for andre aktørar når dei vil kutt utsleppa sine, seier miljødirektør Hilde Singsaas. 

Trøndelag har søkt om mest 

Her er ei oversikt over korleis søknadene frå kommunar og fylkeskommunar fordeler seg i landet. Tabellen viser mellom anna at flest søknader kjem frå Akershus, medan søkjarane frå Trøndelag er dei som har søkt om mest pengar til saman. 

Fylke Antall søknader  Søknadssum
Trøndelag 35 68 064 036
Akershus 40 37 135 853
Oslo 18 34 586 831
Buskerud 12 23 306 800
Vestland  24 21 348 940
Nordland 10 21 143 970
Vestfold 8 18 223 640
Rogaland 17 13 314 100
Innlandet  19  12 532 146
Møre og Romsdal 13 10 299 500
Telemark 7 9 872 125
Finnmark 3 9 400 000
Østfold 5 9367 250
Agder 10 8 993 124
Svalbard 245 000

Både små og store kommunar bruker Klimasats 

Det er dei største kommunane og fylkeskommunane som sender flest søknader. I søknadsbunken i år har vi fått 76 søknader frå åtte kommunar som alle har meir enn 100 000 innbyggjarar.

Ti fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre står bak 38 søknader. Men også små og mellomstore kommunar bruker ordninga aktivt.

Vi har fått 92 søknader frå 59 kommunar som alle har færre enn 50 000 innbyggjarar. 44 av desse søknadene er frå 32 ulike kommunar med mindre enn 15 000 innbyggjarar. 

Miljødirektoratet startar søknadsbehandlinga med ein gong og har som mål å gi svar til kommunane om dei får støtte innan slutten av juni 2025.