Det mest avgrensa elvelaksefisket i historia vedteke
42 elvar får eit meir avgrensa laksefiske enn i fjor. Fem av dei blir stengde heilt.
– Det er alvor for den norske villaksen. I løpet av mi levetid er talet på villaks i Noreg halvert. Når vi no avgrensar årets fiske, er det til det beste for både laksen og alle som bruker lakseelvane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Etter at vi sidan 2021 har hatt tre av dei dårlegaste lakseårene historisk sett, ser vi oss nøydde til å ha strenge avgrensingar i fisket i år. Dette gjer vi for å kunne sikre laksen som nasjonal ressurs for framtida, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Fiskeavgrensingar i 42 elvar
Miljødirektoratet sende i januar ut forslag til endringar i reglane for kvar og når det er lov til å fiske og ikkje, og fekk 95 innspel frå ramma partar. No har direktoratet vedteke endringar i dei gjeldande føresegnene for laksefisket i elvar.
Det blir endringar i 42 elvar, samanlikna med reglane som gjaldt i fjor. I 37 av desse blir det innstrammingar anten i fisketid, kvotar eller begge delar, og fem vassdrag blir heilt stengde for fiske (sjå liste over vassdrag nedanfor).
Forstår alvoret
– Mange partar har vore samde i Miljødirektoratets innstrammingar, og det er tydeleg at mange ser føresegnene som eit heilt nødvendig felles tiltak for å sikre berekraftige laksebestandar for framtida, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
I fjor måtte Miljødirektoratet på kort varsel stengje laksefisket mange stader. Endringane i føresegnene om laksefisket i år har til hensikt å gjere sesongen meir føreseieleg for både fiskarar og næringsdrivande.
– Meir føreseieleg
– Lakseelvane betyr mykje for mange av oss. I fjor måtte vi stengje dei brått, til både fortviling og forståing frå dei som bruker elvane. Eg er glad at vi går inn i ein sommar der vi framleis kan fiske i mange av Noregs flotte lakseelvar, men på ein meir skånsam måte. Dette vernar laksen, samtidig som det er meir føreseieleg for lokalt næringsliv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Dei 42 elvane der Miljødirektoratet strammar inn eller stengjer laksefisket
- Agder: Tovdalselva, Mandalselva og Lygna får reduserte kvotar. Otra får redusert fisketid og kvote.
- Akershus: Åroselva får kvote.
- Finnmark: Børselv, Bergebyelva, Vestre Jakobselv og Komagelva får redusert fisketid.
- Møre og Romsdal: Korsbrekkelva, Eira, Osenvassdraget og Surna får reduserte kvotar. Rauma og Tafjordelva blir ikkje opna for fiske.
- Rogaland: Suldalslågen får redusert kvote. Vikedalselva får redusert fisketid. Storelva i Sauda blir ikkje opna for fiske.
- Trøndelag: Orkla, Gaula, Nidelva, Stjørdalselva, Verdalselva, Steinkjervassdraget og Namsenvassdraget får reduserte kvotar.
- Vestfold: Numedalslågen får reduserte kvotar.
- Vestland: Eidselva, Hjalma, Stynelva, Gaula og Nausta får reduserte kvotar. Vikja, Songdalselva, Daleelva (Høyanger), Åelva/Ommedalselva, Hopselva, og Hjalma får redusert fisketid. Gloppen får redusert fisketid og kvote. Modalselva, Haugsdalselva blir ikkje opna for fiske. I Nærøydalselva blir det berre tillate å fiske sjøaure.
- Østfold: Glomma får reduserte kvotar.