Tek ned pukkellaksfeller i ein del elvar

Medan fellene gradvis blir tekne ned i Tana og nokre fleire elvar, trengst dei i andre elvar noko lengre. Dykkarar tel no pukkellaks ovanfor fellene.

Publisert 18.08.2025

– Pukkellakssesongen går no mot slutten i fleire elvar. Arbeidet som har vore gjort i sommar med å avgrense talet på pukkellaks i elvane har vore viktig. Eg ser fram til å høyre det endelege resultatet av fangsten denne sesongen. Dette blir viktig kunnskap som vi tek med oss vidare, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.  

–  Det er fanga nærare 150 000 pukkellaks i elvane i sommar. For å få kunnskap om kor vellykka fangsten var har dykkarar starta drivteljing av pukkellaks ovanfor mange av fellene, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Dykkarar tel pukkellaks

På grunn av sein snøsmelting og mykje vatn i mange elvar i Nord-Noreg tidleg i sommar, måtte monteringa av fellene skje seinare enn ein hadde håpa. Kor mykje pukkellaks som rakk å komme opp før fellene var på plass, er noko av det drivteljingane skal avdekkje dei næraste vekene. Drivteljing inneber at personar med dykkarutstyr driv medstraums i elva og tel fiskane dei ser. Førebelse tal frå elvane som har vorte undersøkte viser at det varierer stort kor mykje pukkellaks som har komme seg opp i elvane.

– I elvar der vårflaumen varte lenge kan det ha komme opp tusenvis av pukkellaks før fellene var i drift. På den andre sida ser ein også at det er elvar der ein kom i gang tidsnok til å sikre at nesten ingen pukkellaks kom seg opp, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Mindre pukkellaks i Finnmark, meir i Troms

I Finnmark ser det ut til å ha komme mykje færre pukkellaks til elvane enn for to år sidan. I kva grad dette kjem av tiltaka som vart gjennomførte for å stoppe pukkellaksen då er vanskeleg å seie. Samtidig kom det fleire pukkellaks til elvane i Troms enn for to år sidan, og der vart det ikkje gjort like omfattande tiltak for å stoppe den uønskte framandarten i 2023.

– Same kva som er grunnen til at det kom færre pukkellaks til Finnmark no i sommar enn ved førre invasjon i 2023, så går utviklinga i ønskt retning, seier Hilde Singsaas.

400 meter lang felle i Tana blir gradvis teken ned

I Tana-elva byrjar Veterinærinstituttet no gradvis å demontere den 400 meter lange pukkellaksfella, som har fanga nesten 30 000 pukkellaks og sleppt rundt 2500 atlantiske villaks vidare opp i elva i sommar.

– I går slakta vi 111 pukkellaks, og sende vidare 47 atlantiske villaks som høyrer heime i elva. Tendensen viser klart at pukkellakssesongen nærmar seg slutten her i Tanaelva. Samtidig aukar vassmengda i elva, sånn at vi også av tryggingsomsyn for personellet startar å demontere fella gradvis no, seier prosjektleiar Roar Sandodden i Veterinærinstituttet, som driftar pukkellaksfella i Tana på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Behaldar feller i ein del elvar

Også i nokre andre elvar er ein i gang med å ta ned pukkellaksfellene, medan det i ein del elvar er behov for å ha fellene der lenger.

– I ein del elvar kjem det framleis for mykje pukkellaks til at ein kan ta ned fellene no. Dei lokale foreiningane som driftar fellene vurderer saman med statsforvaltaren fortløpande kor lenge det er behov for å ha fellene der, seier Hilde Singsaas.

Følg fangsten frå dag til dag

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg med nyheiter om pukkellaksefangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for.

Kom 580 000 pukkellaks ved førre invasjon

Ved førre pukkellaksinvasjon i 2023 estimerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaks i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaks vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellakssesongen i år.