Havørn-suksess: Her flyg den norske havørna i Irland
Over 150 havørnar flyg no fritt i Irland – alle med røter frå Noreg. I helga vart dei siste norske havørnungane sett ut i Killarney nasjonalpark.
– Vi er veldig stolte over å ha bidrege til å gjeninnføre havørna i Irland etter over hundre års fråvær. Dei norske ørnane møter stor entusiasme i Irland, og skaper eit meir komplett økosystem i den irske nasjonalparken. Dette er naturrestaurering i praksis, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet
Siste utsetjinga av norske havørnungar i Irland
Målet har vore å gjeninnføre havørna til Irland, der arten har vore utrydda i over 100 år. I dag lever omtrent 150 havørnar fritt i Irland.
I 2025 hekka minst 15 par og produserte 10-13 ungar. Totalt gjennom heile perioden har minst 77 ungar komne til vengene.
Vellykka naturrestaurering
Prosjektet starta i 2006, og har i to fasar (2007–2011 og 2020–2025) ført til at rundt 200 unge havørnar er henta frå norske reir og sett ut i irsk natur.
I første fase vart 100 havørnungar sett ut, og den første hekkinga vart registrert i 2012. Etter kvart etablerte fleire fuglar seg som par, og i 2020 var det ti hekkande par – fleire med ungar.
For å sikre ein varig og levedyktig bestand er det sett ut rundt 100 nye fuglar sidan 2020.
Sjølv om det i starten var skepsis blant irske bønder, har prosjektet i dag brei oppslutning i den irske befolkninga. Erfaring frå Noreg viser at havørna har lita negativ påverking på sau og anna næring, noko som vart lagt til grunn då prosjektet starta.
Havørna var trua også i Noreg
På 1960-talet var havørna ein trua art også i Noreg, med omtrent 500 hekkande par. Årsaka var jakt, fangst og miljøgifter – akkurat som i Irland, der havørna vart heilt utrydda. Men i 1968 vart havørna freda, og bestanden har vakse jamt sidan.
– Havørna har vore trua i Noreg òg, men i dag har vi rundt 2500 hekkande par kvart år, over heile landet. Det betyr at Noreg no har eit unikt høve til å bidra med havørn i prosjekt som skal gjenopprette naturen der havørna tidlegare var ein naturleg del av økosystemet, seier miljødirektør Hilde Singsaas.