Pukkellaksfangsten minkar

123 526 pukkellaks er fjerna hittil i sommar, men dei siste dagane har mengda minka i fleire elvar. I Tana kan toppen vere nådd.

Publisert 07.08.2025

– Eg er glad for at fellene så effektivt tek ut pukkellaks. For å verne villaksen finansierer regjeringa i 2025 tiltak mot pukkellaks i over 60 elvar. Dette er dobbelt så mange som i 2023. Eg vil igjen takke alle som har stått på i sommar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.   

– Vi har no teke opp 123 526 pukkellaks frå norske elvar. I fleire vassdrag har fangsten minka dei siste dagane, og det kan tyde på at toppen er nådd. Samtidig er det for tidleg å konkludere, og vi kan ikkje utelukke nye innsig. Vi vil halde fram med å følgje utviklinga tett, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.  

Toppen kanskje nådd i Tana   

Tanaelva blir rekna som ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Den husar 30 ulike laksebestandar, der fleire er trua av utrydding. Tana har så langt hatt den klart største fangsten av pukkellaks med over 27 000 fisk.  

Gjennom den siste veka har døgnfangstane i Tana falle frå fleire tusen individ tidlegare i sommar, til under 200 fisk per døgn.   

– Vi følgjer situasjonen rundt fella dagleg, med både dykkarar, kamera og flyging med drone. Alle observasjonar tyder på at det står lite fisk nedstraums fella. Vi trur derfor at toppen i Tana kan vere nådd, men tek likevel høgd for at det framleis kan komme ein mindre auke i innsiget av pukkellaks, seier Singsaas.   

Fella i Tana blir drifta av Veterinærinstituttet på oppdrag frå Miljødirektoratet. Arbeidet skjer i samarbeid med NINA, Mohn Technology og det finske forskingsinstituttet Luke. Saman overvaker dei den atlantiske laksen både ovanfor og nedanfor fella. Målet er å sikre at villaksen får passere trygt, og overvakinga gir viktig kunnskap om behovet for tiltak. I perioden fella har vore i drift er 2174 atlanterhavslaks sleppt forbi fella.  

Færre enn i 2023   

På same tid i 2023 var det registrert 225 127 fanga pukkellaks. I år er talet lågare, trass i auka innsats og anteke meir effektive feller i fleire vassdrag.   

– I fleire elvar i Aust-Finnmark ser vi no lågare fangsttal enn på same tid i fjor. Det kan vere eit resultat av tidlegare tiltak, men vi må vurdere resultata nærare før vi kan seie noko sikkert, seier Singsaas.  

Følg fangsten frå dag til dag   

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg med nyheiter om pukkellaksfangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for: 

På Miljødirektoratets temaside om pukkellaks kan ein følgje pukkellaksfangsten frå dag til dag:  

Kom 580 000 pukkellaks ved førre invasjon  

Ved førre pukkellaksinvasjon i 2023 registrerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaks i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaks vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellakssesongen i år.