Fuglen hortulan anteken utdøydd i Noreg
For andre året på rad er det berre observert to hortulanhannar. Den er ein nær slektning av gulsporven, og trekkfuglen var tidlegare eit vanleg syn.
– Det er urovekkjande når ein fugl som hortulan forsvinn. Det eit tydeleg signal om at leveområda, og insektbestandane han lever av, er i stor endring. Dette kan skje med fleire fugleartar framover, når vi ser at nedgangen i talet på trekkfuglar i Noreg held fram, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Statsforvaltaren i Innlandet har over fleire år overvakt hortulanen med støtte frå Miljødirektoratet. Dei siste to åra har det berre vore observerte to syngjande hannar på trekket - utan respons frå ein potensiell partnar.
Sidan 1950-talet har mange av hekkeområda til hortulanen i Noreg vorte mindre attraktive som følgje av intensiveringa av jordbruket, med stadig færre område som eignar seg for henne. Samtidig har det vorte mindre tilgjengeleg mat og færre insekt. Mange andre trekkfuglar er også under press som følgje av det same.
Framleis nedgang i talet på trekkfuglar
I ein ny årsapport for 2025 frå trekkfuglovervakinga på Jomfruland og Lista kjem det fram at tendensen vi har sett dei siste åra med søkkande tal på trekkfuglar held fram.
Trekkfuglane kjem tilbake i mindre talet på enn før. Artane som trekkjer til og frå landet vårt kvar vår og haust er ujamt fordelte i tal. Nokre artar har vorte så fåtalige at dei nærast kjem tilbake hit som enkeltindivid utan å treffe ein partnar på vegen, slik som dei siste attlevande hortulanane i Noreg.
Insekt er ein nøkkelfaktor
Nyleg kom ein statusrapport frå den internasjonale Vannfuglavtalen (African-Eurasian Waterbird Agreement) som Noreg er ein del av. Rapporten konkluderer med at heile 40 % av artane innanfor avtalen i stor grad blir påverka av menneske, som gjennom økt og endra bruk av naturressursane, mellom anna gjennom intensivering i jordbruket.
Våtmarker i Noreg er negativt påverka av mange års nedbygging av myrar og drenering for jordbrukslandskap. Intensiveringa av landbruket har også påverka kjerneområda til hortulan, som føretrekkjer meir tradisjonelt kulturlandskap med innslag av myr.
Nedgangen i dei globale insektpopulasjonane er ein viktig medverkande faktor som bidreg til den drastiske nedgangen av fuglar som trekkjer mellom Nord-Europa og Afrika. Nedgangen kan også sporast i nabolanda våre og langs trekkvegane for hortulan
– Det er ein alvorleg situasjon for trekkfuglane internasjonalt. Sidan dei trekkjer frå Noreg, gjennom Europa og heilt ned til Afrika, er vi heilt avhengige av godt samarbeid på tvers av landegrenser for å hindre at situasjonen blir endå verre for trekkfuglane, seier miljødirektør Singsaas.