Utset reglar mot avskoging for tusenvis av bedrifter
Aktørar som handlar med storfe, tre, kakao, kaffi, oljepalme, naturgummi og soya får eitt år til på å dokumentere at varene ikkje fører til avskoging.
– Vi oppmodar næringslivet til å bruke tida godt til å setje seg inn i dei nye krava, fram til EUs avskogingsforordning blir sett i verk 30. desember 2026. Dei nye reglane blir eit viktig verktøy for å sikre at produkt ikkje bidreg til avskoging, seier direktør Hilde Singsaas i Miljødirektoratet.
Omfattar fleire tusen norske verksemder
EU har no vedteke å utsetje det nye regelverket sitt mot avskoging, som opphavleg skulle setjast i verk frå 30. desember 2025. Store verksemder og forhandlarar får frå 30. desember 2026 nye og strengare krav om å dokumentere at varene dei produserer og handlar med ikkje fører til avskoging. Same dato vil gjelde for små bedrifter som sel eller produserer tømmer og treprodukt som blir omfatta av dagens krav i den såkalla tømmerforordninga. For små bedrifter som ikkje blir omfatta av dagens krav i tømmerforordninga, vil dei nye reglane gjelde frå 30. juni 2027.
Grunnen til at EU utset dei nye reglane mot avskoging er både at datasystemet i unionen skal klare å handtere registreringa av avskogingsfrie varer på ein effektiv måte, og at den økonomiske byrda ikkje skal bli for stor for bønder og andre mindre aktørar.
Produkta som blir omfatta er dei som er baserte på råvarene storfe, kakao, kaffi, oljepalme, naturgummi, soya og tre. Det betyr at tusenvis av norske verksemder, forhandlarar, bønder og skogeigarar vil påverkast av krava i EUs nye avskogingsforordning (EUDR).
– Vil få betydning for mange i Noreg
Når dei nye reglane blir sette i verk må norske styresmakter føre tilsyn med at verksemdene følgjer reglane. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har ansvar for å føre tilsyn innan kvart sitt ansvarsområde, og vil starte med tilsyn i 2027. For å gjere det lettare for bedriftene å etterleve krava har Miljødirektoratet laga ein bedriftsrettleiar med praktiske råd retta mot norske aktørar.
Landbruksdirektoratet vil ha ansvar for saker som gjeld produkt av råvarene tre og storfe, med opphav i Noreg. Landbruksdirektoratet vil også ha ansvar for saker om produkt av tre og storfe som er vidareforedla til eit nytt produkt i Noreg, sjølv om produktet eller delar av produktet stammar frå ei råvare med opphav utanfor Noreg. Miljødirektoratet skal ha ansvar for saker som gjeld råvarekategoriane kakao, kaffi, oljepalme og naturgummi, import av tre, og dessutan import av lêr og skinn frå storfe.
– I tillegg til å redusere avskoginga globalt vil EUs avskogingsforordning få noko å seie for mange i Noreg, særleg dei som jobbar innan jordbruk og skogbruk. Til dømes blir det forbode å selje tømmer på EU-marknaden frå areal som har vorte avskoga etter 31. desember 2020, eller hud og skinn frå storfe som beitar der, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Etter at EU set i verk avskogingsforordninga, må ho innlemmast i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Klima- og miljødepartementet er ansvarleg for dette arbeidet for regjeringa, i samarbeid med mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Forordninga vil takast inn i norsk lov gjennom ei eiga forskrift, og vil gjelde for produkt med opphav både innanfor og utanfor EU. Eksport til land utanfor EU vil ikkje omfattast.