Havnivåstigning: Noreg er dårleg førebudd

Miljødirektoratet etterlyser at éi statleg styresmakt får ansvaret for arbeidet med å tilpasse samfunnet til eit stigande havnivå.

Publisert 03.02.2025

– Klimaendringar fører til at havnivået stig, og som kystnasjon er Noreg utsett for havnivåstigning, høge vasstand og bølgjepåverknad. Skal vi lykkast med å tilpasse samfunnet til desse endringane, bør ei statleg styresmakt få ansvaret for å koordinere og følgje opp arbeidet. I dag er det ingen som har dette overordna ansvaret, og det er ei utfordring, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. 

På oppdrag for Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet, i samarbeid med ei referansegruppe, gått gjennom arbeidet med å handtere havnivåstigning, høge vasstandar og bølgjepåverknad på nasjonalt nivå, og identifisert dei mest sentrale utfordringane i arbeidet.  

Store delar av norskekysten blir ramma 

Noreg må førebu seg på eit stigande havnivå, konkluderte rapporten «Sea level rise and extremes in Norway», som vart publisert våren 2024. Ifølgje rapporten vil store delar av norskekysten oppleve havnivåstigning, dersom den globale oppvarminga held fram som i dag. 

– Når havet stig, vil utsette område fløyme over oftare, og vatnet vil kome lenger inn på land. Stigande havnivå er ei endring som vil halde fram i hundrevis til tusenvis av år framover, sjølv med raske utsleppskutt. Derfor må vi planleggje annleis og bruke andre strategiar enn i anna klimatilpassingsarbeid, og vi må tenkje langsiktig, seier miljødirektøren.  

Ingen midlar til kommunane 

Når kommunane skal planleggje framtidig busetnad og infrastruktur, som mellom anna bustader og vegar, finst det verkemiddel og rettleiing for å tilpasse seg eit stigande havnivå.

Utfordringa er derimot større for eksisterande busetnad. I dag finst det ingen statlege midlar til å kartleggje eller sikre eksisterande bygg og infrastruktur. Dermed er det opp til kvar enkelt kommunane å kartleggje behov og prioritere. 

– Det er uheldig at dagens system gjer at små kommunar i utfordrande økonomiske situasjonar ikkje eller i liten grad får gjennomført nødvendige tiltak. Høve til å kartleggje og gjennomføre tiltak varierer med ressursane og kompetansen i kommunane, seier Ellen Hambro. 

Manglar framleis kunnskap 

Medan rapporten «Sea level rise and extremes in Norway» gir eit godt kunnskapsgrunnlag om havnivåstigning, viser gjennomgangen til Miljødirektoratet at det framleis er behov for meir kunnskap om bølgjepåverknad. Dette er særleg viktig for arealplanlegginga i kommunane. 

– Kommunane etterspør eit datagrunnlag som kan seie noko om korleis bølgjene vil påverke kommunen deira i framtida. Bølgjer kjem på toppen av eit aukande havnivå og høg vasstand, og kan føre til store skadar. Høgda og lengda på bølgjene vil variere med lokale forhold langs kysten, seier Ellen Hambro 

I dag finst det heller ingen vurderingar av kva dei økonomiske konsekvensane av havnivåstigning, høg vasstand og bølgjepåverknad vil bli for samfunnet og kva tiltak som bør prioriterast.  

Miljødirektoratet skal likevel, saman med referansegruppa, no sjå på korleis desse utfordringane best kan handterast. Dette arbeidet skal resultere i eit forslag til Klima- og miljødepartementet mot slutten av året.