Fann farlege miljøgifter i Temu-produkt

8 av dei 13 produkta som Miljødirektoratet kjøpte inn frå Temu for kontroll, inneheldt fleire helse- og miljøfarlege stoff.

Publisert 03.02.2025 | Oppdatert 03.02.2025

I alt 13 produkt som sandalar, smykkar og ranglar til barn vart kjøpt inn og sende til analyse i laboratorium for å sjekke om dei inneheldt miljøgifter som er strengt regulerte i Noreg og Europa.  Produkta er forbodne å selje i Noreg. Vi sjekka også om dei var riktig merkte. 

Fleire giftige stoff i same produkt

I undersøkinga fann vi at fleire av produkta inneheldt fleire ulike miljøgifter. Eit armband inneheldt både kadmium, bly, klorparafinar og ftalat over tillaten grenseverdi. 

– Regjeringa er opptekne av at varane vi kjøper på nett skal være trygge og bærekraftige. Det er alvorleg at produkta på Temu i denne kontrollen inneheldt farlege og forbode miljøgifter, og særskild når disse er laga for barn. Eg oppmodar folk til å handle andre stader enn på Temu, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Miljødirektoratet valde å kontrollere produkt som består av plastmateriale og metall då slike materiale potensielt inneheld  dei mest farlege miljøgiftene. Stoffa som ftalat og kortkjeda klorparafinar  blir brukte i plastmateriale (PVC ), og kadmium og bly i metall blir ofte brukte i smykke.

– Desse miljøgiftene har lenge vore strengt regulerte fordi dei er skadelege for helse og miljø. Når dei er over grenseverdiar, er produkta forbodne å selje både i Noreg og Europa, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Kadmium i smykke til barn

Av produkta vi kontrollerte, var  det eitt smykke som inneheldt 88 prosent kadmium.

Kadmium er både akutt og kronisk giftig for menneske, og fleire kadmiumsamband er kreftframkallande. Når kadmium først er teke opp i kroppen, tek det svært lang tid før det skiljes ut. Små mengder kan skade levra, lungene, nyra og skjelettet.

Stoffet er i tillegg mistenkt  å kunne skade forplantningsevna og kunne gi fosterskadar. I miljøet påverkar kadmium både plantar og dyr sidan planten tek opp tungmetallet, og dyr et plantar, som igjen kan føre til helseskadar hos dyr.

Kadmium alvorleg for barn

Kadmium kan setje barns helse i akutt fare. Barn har ein tendens til å putte ting i munnen, og smykkar som inneheld kadmium kan dermed føre til høg risiko for opptak av dette giftige metallet i kroppane til barn.

Stoff som gjer plast mykt

I plastsandalar til barn og eit fotballarmband fann vi miljøgiftene ftalat og klorparafinar som var langt over tillatne grenseverdiar. Desse stoffa kan påverke hormonsystemet og reproduksjonsevna hos både menneske og dyr. Dei er også viste kreftframkallande i forsøk.

Felles for begge miljøgiftene er at dei ikkje blir brotne ned, og dei hopar seg opp i næringskjeda. I tillegg  er klorparafinar giftige for vasslevande organismar  og kan føre til skadar på lever og nyrer hos dyr.

Produkt mangla påkravd merking

Leikar skal vere CE-merket for å lovleg kunne seljast i EU. CE-merking betyr at eit produkt samsvarer med dei forskriftene og lovkrav som blir stilte til produktet. Fleire av produkta mangla CE-merking og anna påkravd merking. V

i ser ofte mangelfull merking på produkt frå nettbutikkar og plattformer som opererer utanfor Europa.

Dette gjer Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har kontakta Temu der vi opplyser om funna og ber dei stanse salet av produkta.  Temu har etter førespurnaden vår svart og fjerna produkta frå nettsida deira.

Miljødirektoratet vil halde fram med å gjennomføre kontrollaksjonar, både av utanlandske og norske nettbutikkar. Hovudfokuset vil vere å kontrollere produkt som har risiko for å innehalde miljøgifter.

Råd til forbrukarar

Resultata frå kontrollen med produkt frå Temu samsvarer med tidlegare funn frå kontrollar av andre nettbutikkar som opererer frå land utanfor Europa, slik som Shein, Fruugo og Wish.

– Sjølv om produkta er produserte i land med svakare miljøkrav og reguleringar enn i Europa, må  dei følgje regelverket vårt og vere lovlege å selje her. Men forbrukarar bør vere klare over at det kan innebere ein større risiko å kjøpe varer frå nettbutikkar som opererer utanfor Europa. Våre kontrollar avdekkjer nok berre toppen av isfjellet, seier Ellen Hambro.

Miljødirektoratet vil melde inn dei ulovlege produkta frå denne kontrollen til databasen i farligeprodukter.no og i EUs tilsvarande database Rapex.