Reduserte klimagassutslepp i dei fleste norske kommunar

Nye tal viser at klimagassutsleppa gjekk ned i dei fleste kommunane i 2023.

Publisert 10.01.2025

– Det er bra å sjå at utsleppa i kommunane går ned. Dei gjer ein god jobb, og den lokale innsatsen er viktige for at vi skal nå klimamåla våre. Å få ned utsleppa er heilt avgjerande for gode liv både for oss og for dei som kjem etter oss, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Nesten tre av fire norske kommunar har redusert utsleppa av klimagassar i 2023 samanlikna med 2009, som er første året i Miljødirektoratet sitt klimagassrekneskap for kommunar.

I over 80 prosent av kommunane er utsleppa reduserte frå 2022 til 2023.

 – Klimagassrekneskap for kommunar og fylke bidreg til auka forståing for utsleppa lokalt, og er eit verktøy for kommunane i deira klimaarbeid. Vi opplever at kommunane er engasjerte, og oppdaterte tal viser at fleire deltek aktivt med å redusere klimagassutsleppa, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dei fleste kommunar har sidan 2009 redusert utsleppa frå vegtrafikk, oppvarming, avfall og avløp. Dette kjem av auka bruk av elbilar og biodrivstoff i vegtrafikken, forbod mot bruk av fossil olje til oppvarming, og forbod mot deponering av organisk avfall. Mange kommunar har også reduserte utslepp frå ikkje-veggåande motorreiskapar som traktorar, anleggsmaskiner og snøskuterar, som følgje av auka bruk av biodrivstoff og elektriske maskiner.

– For å hjelpe kommunane til å kutte endå meir, gir vi dei fleire verktøy. Vi jobbar for å få fleire varebilar, lastebilar og bussar over på straum. Vi vil også gi kommunane høve til å stille krav om utsleppsfrie byggjeplassar, og vi støttar finansiering av utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, seier Bjelland Eriksen.

Kommunane bidreg til viktige utsleppskutt gjennom ulike roller

– Det er mange utsleppskjelder kommunane ikkje har direkte kontroll over, til dømes flyplassar, riksvegar og store industrianlegg, noko som gir enkelte kommunar relativt høge utslepp. Kommunane har likevel mange verkemiddel for å bidra til å redusere klimagassutsleppa i kommunen sin, og denne lokale innsatsen er heilt avgjerande for at Noreg skal kutte nødvendige utsleppsreduksjonar, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Miljødirektoratet har vurdert korleis kommunane kan bidra til at ulike klimatiltak blir gjennomførte, og konkluderer med at kommunesektoren har ein eller fleire roller i svært mange tiltak.

Kommune og fylkeskommune kan påverke utsleppa gjennom rollene sine som styresmakt, innkjøpar, eig og driftar, og som samfunnsutviklar. Til dømes kan kommunane både som arealplanleggjar og gjennom fysisk tilrettelegging, leggje til rette for redusert transportbehov og meir klimavennleg transport, der det blir enklare å velje sykkel, gonge og kollektivt, framfor å ta bilen. Som innkjøpar har kommunane stor påverking, mellom anna ved å stille klimakrav i eigne anskaffingar for byggje- og anleggsverksemd.

Reduserte utslepp frå personbilar i alle kommunar i 2023 

Sjølv om det i 2023 var meir trafikk på vegane i dei fleste kommunane enn året før, gjekk klimagassutsleppa frå personbilar i gjennomsnitt ned med ni prosent. At stadig meir av køyringa blir gjort med elbil og mindre med bensin- og dieselbil, bidrog til dette. Ein stor auke i biobensin bidrog også til å trekkje utsleppa ned.

I dei fleste kommunane gjekk utsleppa frå tunge køyretøy noko ned i 2023 samanlikna med 2022, medan utsleppa frå varebilar og bussar gjekk opp.

Auka utslepp frå oppvarming i over halvparten av norske kommunar i 2023 

Klimagassutsleppa frå oppvarming i næringsbygg og hushald har stort sett vore fallande sidan 2009, men har auka sidan 2020. Frå 2022 til 2023 auka utsleppa med 11 prosent samla sett, særleg på grunn av auka bruk av propan (LPG), til oppvarming. Auken i bruken kan mellom anna kome av at fleire som tidlegare har brukt naturgass har gått over til propan på grunn av auka naturgassprisar. Auken i 2023 kan også ha samanheng med at dette var eit kaldare år enn 2022.